Helgaturen: Til Slettningsbu

Denne helga tar Jonny Asperheim oss med til Slettningsbu – via ei litt anna ruta enn det årdøler flest er vande med.

Den vanlegaste ruta til Slettningsbu er nok for oss årdøler via Langeleiskardet. Men ettersom Karin og eg  likar å gå på nye stader, starta ruta vår denne gongen frå Melvikodden ved Tyin. 

Rundt den slakke svingen etter "Familiehola" går det eit markert dalføre nesten rett vestover (opp til høgre). 

Her starta turen vår. Over myrane og opp ein bratt kneik, eit "strype" mellom Tyinstølnøse og Melviknøse der elva kjem ned frå Melviktjørnene. Deretter  flata det ut innover tjørnene. Dei ligg på 1204, 1207 og 1244 moh. Midt mellom dei to fyrste tjørnene ligg ei fiskehytte. 

Ein ny kneik fører oss opp til det øvste av tjørnene. Godt varme i trøya, vert det drikkepause her. 

No rundar me til venstre og rett sørover og ved Korstjørnet kjem me til ei hytte. Her vert det matpause i hytteveggen.  Hjelledalstind og Falketind dukkar opp i nord-vest. Fantastisk flotte toppar som me skal koma attende til på sommarsturane.

Den stikka løypa fører oss vidare forbi eit smalt pass og fram til eit par nye tjørn med ei fiskehytte litt oppe i bakken til venstre. 

I flotte omgjevnader, sol frå klår himmel og silkeføre  er me fort inne på Nedre Årdalsvatnet. Vatnet ligg på 1248 moh. Med stø kurs sør-vestover passerar me ei ny fiskebu og me kan sjå bakkane som fører oss opp til Øvre Årdalsvatnet og DNT-hytta Slettningsbu. 

På Slettningsbu var det som vanleg folksamt. Men det er alltid kjekt å treffa folk i fjellet og slå av ein prat. Ein manglar ikkje samtaleemne ute i naturen.

Eg trudde alltid før at Slettningsbu låg ved Slettningen. Men nei, det var altså feil. Ho ligg ved Øvre Årdalsvatnet (1313). 

Slettningsegge (1524) tronar i sør og rett vest ligg Svarteknippa (1437). Begge desse er flotte turmål.

Heile området me har gått i høyrer til Vang i Valdres.

Me fylgde same ruta attende og Kl 16:11 var me nede ved Fv53 og  bilen vår, litt over 4,5 timar etter start.

Start ved Melvikodden, Fv 53 kl 11:34

Øvre Melviktjørna kl 12:28

Fiskebu ved Korstjørni  kl 12:36

Fiskebu ved Nedre Årdalsvatn  13:15

Slettningsbu  13:50

Attende til start ved Melvikodden 16:11

Til toppen