Helgaturen: Vetanosi

Denne utgåva av helgaturen går til Vetanosi i Lærdal kommune. Returen legg me om stølen Fagerset, ein flott støl med ei utruleg flott utsikt over fjord og fjell. Turen er 12,2 km og ein må forsera i overkant av 1100 høgdemeter. Ein fin dagstur som på det varmaste kan tilrådast.

Utgangspunktet er ferjekaia på Fodnes. Her er det godt om parkering. Me føl vegen vidare ut mot bruket som ligg ute Fodnes og rundar opp på oppsida  av gjerdet der innmarka byrjar.

Her er det merker som syner kor stien går mellom større steinar. Etter kvart syner stien  godt i terrenget. Det er jamn stigning og fint å gå og utsikta vert mektigare og finare dess lengre opp me kjem. Terrenget er prega av open luftig barskog.

På 290 moh passerar me Lisbethaugen, og ved om lag 350 meters høgd etter ein times gange er me komne til Olavskjelda.  Segnet om Olavskjelda er at St. Olav kom ridane oppover her. Hesten vart tyst og han slo med skoen sin i fjellet. Sidan då har det alltid vore vatn i fotefaret som hesten laga.

På 560 meters høgd tek me nokre få steg ut til høgre og kjem ut på eit flott utsiktspunkt. Dette er verdt å ta med seg!

(Artikkelen held fram under biletet)

Kart: Statkart via Peakbook.org .e dpåteikna GPS-sor av J. Asperheim.
Kart: Statkart via Peakbook.org .e dpåteikna GPS-sor av J. Asperheim.

 

Ved 700 moh tek stien av i ein meir nordaustleg retning mot stølen Fagerset.  Men me held fram opp ryggen og Vetabakkane i sør-austleg lei i retning Vetanosi. Me er over skoggrensa no og utsikten er formidabel. Nede på fjorden ser ferjene ut som kanoar og artige mønstre teiknar seg i sjøen av ferjebylgjene og straumane av tidevatnet. 

Her oppe i den mjuke lyngen er det dags for ein kaffikopp og litt mat. Me nyt utsikten og stillheita og dreg inn den friske fjellufta. Betre kan ein knapt ha det.

Terrenget flatar ut og me har den store varden  i sikte. Denne ligg på 1107 moh og ligg ikkje på høgaste punktet på Vetanosi.

(Artikkelen held fram under biletet)

Etter fotografering ved varden legg me turen over høgaste punktet og vidare nedover bakkane mot Fagerset. Oppe i bakkane får me full oversikt over stølshusa som er haldne godt i stand. Det er bruka på Strendene og Fodnes som har støl her, og han ligg på 890 moh.

Nede ved eine selet møter me folk frå plassen Fodnes, og me sler av ein lang god prat medan me et resten av nista.

Frå stølen går stien i vestleg retning 1,5 km og om litt er me borte der me tok av frå stien for ei stund sidan. Så er det berre å fylgja stien nedover att mot ferjekaien der bilen står parkert.

Til toppen