FLYTTAR HEIM: Helge Haugen blir igjen bergensar etter to år i Sogndal.
FLYTTAR HEIM: Helge Haugen blir igjen bergensar etter to år i Sogndal.

Helge Haugen har fått jobb hos rivalen Brann

Sogndal sin fysiske trenar reiser heim til Bergen etter sesongen.

Sogndal: Det melder Sogndal Fotball på sine nettsider. Det er i følgje klubben Haugen sjølv som har teke initiativ til jobbytet, av omsyn til familie og skulestart.

– Dette var eit vanskeleg val for Helge, men noko han ønskja sterkt. Klubben har kome dette ønsket i møte, men det er sjølvsagt ugunstig at han dreg, uttaler sportsleg leiar Håvard Flo.

Les også: Fotballforsking er vinnaroppskrifta for Sogndal

Helge Haugen kom som spelar til Sogndal i 2014 frå Hønefoss. Det første året hadde han i tillegg ei lita stilling som fysioterapeut ved Idrettssenteret. 

I 2015 tok Haugen gav han seg som fotballspelar, men haldt fram i klubben som fysisk trenar. Der har han blitt trekt fram som eit viktig bindeledd i samarbeidet med Høgskulen om å utvikle ei meir vitskapleg tilnærming til det som skjer ute på fotballbana.

Haugen har tidlegare spelt for både Brann og Tromsø.

Til toppen