KOS: Helga kan ikkje starte på ein bedre måte enn dette. FOTO: Carl Martin Nordby
KOS: Helga kan ikkje starte på ein bedre måte enn dette. FOTO: Carl Martin Nordby

Helgesnacks 

Når vi skal kose oss litt ekstra, et vi snacks før middag.

Eg kan ikkje førestille meg så mange betre måtar å starte eit måltid på enn med eit glas champagne og min heilt eigen bolle med potetgull, løyrom og ein smaksrik rømme, som eg kan ete med hendene!

Pottiten er store friterte mandelpotetflak, og du treng ikkje ei spesiallaga kjempefrityr for å lage desse flaka, berre så det er sagt. Ein heilt normal kjele og ein liter solsikkeolje held i massevis. Hugs berre å høvle flaka i riktig tjukkleik slik at dei fungerer som delikat etande "bestikk" når dei er sprø.

Artikkelen held fram under biletet

TYNNE SKIVER: Skjer omtrent så tynt du klarar.
TYNNE SKIVER: Skjer omtrent så tynt du klarar.

"Gullet" i denne retten er den svenske løyromen. Vi har mykje svenskane ikkje har, nemner i fleng: olje, kamskjel, kongekrabbe, skrei og mange andre gromme fiskar og skaldyr, men nokre større mengder løyrom, det har vi altså ikkje.

På hausten fiskast den vesle laksefisken "siklöja" i brakkvatnet inst i Bottenviken. Fiskeflåten er strengt kontrollert, og lisensar vert delte ut basert på anslag om bestand. Siklöja er ikkje store fisken, dei fleste individa ligg på rundt 15–20 cm og vert fiska med not. Dei fraktast til byen Kalix, der dei reinsast skånsamt i eigne anlegg.

Øyvind Hjelle er kjent frå TV og fleire bokutgjevingar. Han har vore kokk i 25 år ved nokre av Oslos fremste restaurantar. No arbeider han med utvikling for norske matleverandørar og er fast matskribent for NTB.
Øyvind Hjelle er kjent frå TV og fleire bokutgjevingar. Han har vore kokk i 25 år ved nokre av Oslos fremste restaurantar. No arbeider han med utvikling for norske matleverandørar og er fast matskribent for NTB.

Den imponerande mengda gyllen oransje rogn løftast ut og lettsaltast. Lettsalting er eit stikkord her, for rogna er berre tilsett 4 prosent salt, noko som gjer at ho beheld den mjuke konsistensen sin, mineralske smak og flotte farge. Løyromen vert pakka i 100-gramsglas og boksar på opptil éin kilo, vert frosen inn og selt i nær sagt alle norske og svenske fiskebutikkar og supermarknader med fokus på kvalitet. Løyromen må ikkje forvekslast med farga lodderogn.

Og dippen? Det er rett og slett ein god gammaldags, smaksrik, feit og ekte rømme. Mange små og mellomstore produsentar lagar og sel dette nasjonalt. Desse rømmane smaker ofte meir syrna enn "vanleg" rømme, og kler løyrom, salt sprøtt potetgull, frisk dill og finhakket raudløk betre enn noko anna. Ferdig hakka og ferdig snakka!

 

 

Til toppen