HAVARERTE: Eit helikoptert med to personar i har havarert utanfor Leikanger. Foto: Mapbox.
HAVARERTE: Eit helikoptert med to personar i har havarert utanfor Leikanger. Foto: Mapbox.

Helikopter med to personar havarerte

To personar kom uskadd frå ulykka.

Vangsnes: Politiet melde på Twitter like etter 14.00 tysdag at eit helikopter har havarert ovanfor Vangsnes i Vik. 

Det var to personar i helikopteret, men begge desse er ifølgje politiet uskadde og vart frakta til Leikanger av eit av dei andre helikoptera som var med i følgjet på totalt fem. 

Det er ikkje kjend kva som er årsaka til havariet. Det var ei stund uklart kor helikopteret havarerte. Først melde politiet hadde det hadde havna i sjøen, men det er no klart at dette skjedde like ovanfor Vangsnes i Vik.

Har du tips eller bilete? Ring eller send SMS til 480 13 131 eller send e-post til tips@porten.no.

Til toppen