Helikopteret som krasja i Alta kjem frå selskapet Helitrans som er eigd av Oddvar Røysi frå Luster.  FOTO: KRISTINA KALININA / NRK
Helikopteret som krasja i Alta kjem frå selskapet Helitrans som er eigd av Oddvar Røysi frå Luster. FOTO: KRISTINA KALININA / NRK (Foto: KRISTINA KALININA / NRK)

Helikopterkrasj i Alta: – Ei tragedie, seier Helitrans-eigar

Oddvar Røysi frå Luster er eigar i selskapet som stod for helikopteret som var involvert i ei ulukke i Alta i går ettermiddag.

Alta: – Det er ein alvorleg tragedie for eit lite samfunn som Alta at fem unge mennesker plutseleg er heilt borte, seier Oddvar Røysi.

Røysi frå Luster er eigar av helikopterselskapet Helitrans som hadde helikopteret som styrta i Alta i går ettermiddag.

– Eg tenkjer mykje på dei etterlatte, og piloten som er vår kollega, seier Røysi.

Mange observerte ulukka

I helga vart det arrangert ein festival kalla Høstsprell i Alta. I følgje facebook-sida til festivalen arrangerte dei helikoptarturar i samband med det. Resten av festivalen vart avlyst etter ulukka.

– Det er vår pilot, ein svensk mann, og fem unge, lokale i frå Alta som omkom, seier Røysi til Porten.no. 

Sjølv bur han i Hønefoss, men ulukka skjedde ikkje så langt frå basen deira i Alta.

– Det var mange som observerte det som skjedde. Helikopteret krasja inn i fjellveggen berre nokre kilometer frå basen vår, seier han. 

Tunge tider 

Dei har no satt alle dei 25 andre helikoptera på bakken. 

– Alle helikopter er satt på bakken, så får alle litt tid til å tenke. Det er ei voldsom sorg over det som har skjedd, seier Røysi. 

Typen helikopter som krasja er eit masseprodusert helikopter, og Helitrans sitt var berre to månadar gammalt då det krasja. 

– Det er ei voldsom påkjenning for oss. Det er tunge tider, seier Røysi. 

Til toppen