KAN BIDRA: Dersom Europris kan bidra til å demme opp for handelslekkasje og gi fleire kundar, er det flott, meiner Yvonne Romøren, leiar på Årdalsenteret. Men i likskap med andre aktørar i næringslivet skulle ho helst sett at Hydroparken ikkje vart teken. Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen.
KAN BIDRA: Dersom Europris kan bidra til å demme opp for handelslekkasje og gi fleire kundar, er det flott, meiner Yvonne Romøren, leiar på Årdalsenteret. Men i likskap med andre aktørar i næringslivet skulle ho helst sett at Hydroparken ikkje vart teken. Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen.

Helsar Europris velkomen

Men aktørane i næringslivet er spente på kva meir som skal etablerast i Hydroparken. 

Årdal: Tysdag blir Hydroparken-saka løfta opp politisk når ho skal handsamast i formannskapet i Årdal. 

Det var heilt tilbake i desember 2014 det kom fram at Handelsbygg AS ønskjer å etablere eit næringsbygg i Årdal. Allereie då var det klart at Europris var ein av butikkane som skulle inn i bygninga. 

Ifølgje Årdal Utvikling vil dette bidra til å demme opp for handelslekkasjen som er på rundt 100 millionar i dag. Ei etablering av Europris vil sørgje for at 20 millionar kroner blir att i kommunen. Etableringa skal også gi 24 arbeidsplassar fordelt på 18 årsverk.

Kan bidra

Med dette i tankane ønskjer leiar på Årdalsenteret, Yvonne Romøren, Europris velkomen til Årdal.

– Eg trur det vil demma opp for ein del handelslekkasje. Me veit Europris er ein attraktiv butikk. Får me det her, kan det hende det vil trekkja fleire lærdøler og hyttefolk til Årdal, seier ho og får støtte av Reidar Offerdal på Sportshuset, som har drive i næringslivet i kommunen i 30 år.

Artikkelen held fram under biletet.

OMDISKUTERT: Hydroparken har blitt eit mykje diskutert tema etter at Handelsbygg AS fortalte at dei planlegg å etablere Europris og ein eller to butikkar til her. Arkiv
OMDISKUTERT: Hydroparken har blitt eit mykje diskutert tema etter at Handelsbygg AS fortalte at dei planlegg å etablere Europris og ein eller to butikkar til her. Arkiv

– Ja, me må håpa det kan dra hyttefolk og kanskje dei som bur øvst i Valdres. Europris er ganske offensive på reklame, så det kan vera det vil bidra, seier han.

Spente på butikk nummer to

Men dei er også svært spente, for heile vegen har det blitt sagt at ein til to butikkar til skal inn i same bygget saman med Europris. Her har Offerdal ei klar melding:

– Europris må gjerne koma for min del, sjølv om eg mistar litt handel, men viss det kjem butikkar som går rett i strupen på oss, så lever me ikkje godt av handel i Årdal i dag. Det er såvidt båten berer for dei fleste, og får dei eit hol til i baugen, skal det veldig lite til før ein del skuter søkk. Det er det mest kritiske her, åtvarar han.

Uroa for sentrumsutviklinga

Dei siste åra har Årdal Utvikling jobba for å styrke og samle handelen i Øvre Årdal i og rundt torget, men denne etableringa blir litt på utsida over elva. Når det gjeld plassering, skulle aktørane helst ha sett at bygget vart liggande i sentrum.

– Ein forflyttar handelen til ein annan plass enn han eigentleg skal foregå. Det er ein del butikkar på senteret som slit, så det kan henda dei kjem til å merka det. Eg er mest bekymre for sentrumsutviklinga dersom dette slår til, seier Kjell Andersen på Byggmakker Andersen, som også ligg litt på sida.

– Me har ein butikk som ikkje kan liggja i sentrum. Me har bruk for stort areal, og det er mest praktisk for oss å liggja utanfor fordi me må vere lett tilgjengelege med trailer og avlessing. Denne type butikk kunne godt ha lege i sentrum, men for vår del fungerer det glimrande å liggja slik, meiner han. 

Skremselspropaganda

Då Porten.no møtte dagleg leiar for Handelsbygg, Tore Johan Arntzen, i Hydroparken tilbake i oktober, var han klar på at Hydroparken var det einaste reelle alternativet til plassering etter å ha vurdert fleire andre område. Han kalla også åtvaringane om øydeleggjing for eksisterande handel som skremselspropaganda.

Han fortel at dei framleis ikkje har signert noko med butikk nummer to og tre, men ut frå signala, er det lite som tyder på at dette vil øydeleggje for eksisterande detaljhandel.

Artikkelen held fram under biletet.

VIL BYGGJA: Dagleg leiar i Handelsbygg, Tore Johan Arntzen, trur handelen etter ei tid vil leggja frå seg skepsisen og vere positive til Europris. Arkiv
VIL BYGGJA: Dagleg leiar i Handelsbygg, Tore Johan Arntzen, trur handelen etter ei tid vil leggja frå seg skepsisen og vere positive til Europris. Arkiv

– Aktør nummer to er ikkje ein butikk, men kan meir kallast ein proffaktør. Det er ikkje ein detaljhandelaktør som senteret har. Aktør nummer tre har me ikkje jobba nemneverdig med, så det er for tidleg å seia noko om kva det blir, seier han og fortel at han er optimistisk.

– Me er optimistiske til at me skal få lov til å køyre vidare. Dette betyr arbeidsplassar, nye handelskonsept og store investeringar som kjem det lokale næringslivet til gode. Det er fleire positive effektar. 

Politiske avtalar

Førebels er det usikkert kva politikken kjem til å seie. Då Miljøpartiet Dei Grøne og Arbeidarpartiet kom til semje om eit samarbeid i haust, var det mellom anna eit krav frå MDG at ingen friområde skulle omregulerast. Hydroparken vart då spesielt nemnt, men som Porten.no har skrive om tidlegare, er ikkje Hydroparken regulert som friområde, men som spesialområde med parkbelte i industriområde.

Tilrådinga frå administrasjonen er i første omgang å leggja saka ut for høyring i seks veker og mellom anna invitere til folkemøte for å leggja til rette for brei medverknad. 

Til toppen