BEST I VEST: Helse Førde, som omfattar sjukehusa i Førde, Eid og Lærdal, er det mest veldrivne sjukehusføretaket på Vestlandet.​ Her frå då Bent Høie besøkte Lærdal sjukehus. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.

Helse Førde best i vest

Helse Førde, som omfattar sjukehusa i Førde, Eid og Lærdal, er det mest veldrivne sjukehusføretaket på Vestlandet.

Lærdal: Av 48 ulike mål som sjukehus-Noreg blir målt etter, er Helse Førde best i regionen på 29 av dei, ifølgje ferske tal frå Helse vest. Veslebroren i Sogn og Fjordane ligg dermed langt føre dei tre andre føretaka i Helse vest, Helse Bergen, Helse Stavanger og Helse Fonna, skriv Bergens Tidende.

Dei gode resultata i Førde viser at små sjukehus kan drive med kvalitet, samtidig som folket som bur i Sogn og Fjordane også må ta sin del av æra, meiner fagdirektør Hans Johan Breidablik.

– Folkehelsa her i fylket er rimeleg bra. Vi har eit godt råmateriale, rett og slett, seier fagdirektøren til avisa.

Breidablik skryt også av samarbeidet med kommunane i fylket, som sørgjer for å ta unna ferdigbehandla pasientar. (©NPK)

Til toppen