FLEST LEDIGE SENGER: Helse Førde er det helseføretaket i landet som har flest ledige senger. I gjennomsnitt er om lag 7 av 10 senger i bruk kvar dag. Foto: Jan Christian Jerving. 
FLEST LEDIGE SENGER: Helse Førde er det helseføretaket i landet som har flest ledige senger. I gjennomsnitt er om lag 7 av 10 senger i bruk kvar dag. Foto: Jan Christian Jerving. 

Helse Førde har flest ledige senger

Helse Førde er det helseføretaket i landet som har flest ledige senger. I gjennomsnitt er om lag 7 av 10 senger i bruk kvar dag. Dei har òg få pasientar på korridorane.

Lærdal: Dei fullaste sjukehusa er ifølgje tal frå SSBAkershus universitetssjukehus og St. Olavs hospital, der over 9 av 10 senger er i bruk kvar dag. Saman med Helse Førde i andre enden finn me Universitetssjukehuset Nord-Noreg og Sjukehuset Telemark.

Helse Førde ligg òg i botnen på bruk av korridorpasientar. Om lag 0,4 prosent av pasientane ligg på korridor, litt meir enn St. Olavs hospital og Haraldsplass diakonale sjukehus.

Sjukehuset Telemark, derimot, har nest flest korridorpasientar, berre passert av Helse Stavanger. I dei to helseføretaka ligg mellom 3,0 og 3,5 prosent av pasientane på korridorar. (©NPK)

Til toppen