Sogn: Helse- og omsorgsdepartementet (HOD) har som mål at antibiotikabruken ved norske sjukehus skal reduserast med 30 prosent innan 2020.
Dette målet vart innfridd i Helse Førde i 2018.
– Den store oppgåva i tida framover blir å halde denne medikamentbruken på eit minst like lågt nivå, seier seksjonsleiar Kari Holvik Furevik, medlem av antibiotikateamet i Helse Førde.

– Skal vi klare dette, må vi vedlikehalde og støtte opp om dei tiltaka som vi ser fungerer.
Tabellen syner korleis antibiotikabruken har utvikla seg i Helse Førde. Målet HOD sette om 30 prosent reduksjon vart nådd i fjor.
Antibiotikabruken i Helse Førde ligg godt under landsgjennomsnittet.
Viktige enkelttiltak føretaket har nytta for å nå målet om 30 prosent reduksjon, er antibiotikavurderingar på sengepost, merksemd rundt antibiotika i form av undervisning, måling av antibiotikaresistens og smittevernvisittar.
– Me ser også på nye tiltak for å halde antibiotikabruken på eit lågt nivå, seier Holvik Furevik.