— Smittevegen er kjend for begge, skriv helseføretaket i ei pressemelding.
Basert på aktiv smittesporing har er sju tilsette i karantene som følgje av mogleg nærkontakt med dei to studentane.
Helseføretaket er elles påverka av den generelle smitteauken i Sunnfjord kommune.
Mange i karantene
Til saman 46 tilsette er no i karantene.
— Utbrotet og karantenefølgjene rammar naturleg nok inn på fleire av våre avdelingar, men er innanfor det nivået som føretaket klarer å handtere, opplyser helseføretaket.
For å halde på kontroll på smitten vert alle praksisstudentar i Helse Førde friteke i ei veke framover.
Frå og med klokka 08:00 onsdag går Helse Førde over i gul beredskap, fram til dei ser at smittesituasjonen i område blir noko rolegare.