HELSE FØRDE: Laboratoriet til Helse Førde ligg på Førde sentralsjukehus.
HELSE FØRDE: Laboratoriet til Helse Førde ligg på Førde sentralsjukehus. (Foto: Arkiv / Halvor Farsund Storvik)

KORONAVIRUS

Helse Førde: Seks personar smitta av korona

Tala frå onsdagens testing er klare.

Helse Førde: Seks av 281 analyserte prøvar på laboratoriet til Helse Førde var positive onsdag. 

Det skriv Helse Førde på sine sider. 

Talet er det høgaste sidan førre torsdag. Også då kom seks prøvar tilbake positivt. Då vart det testa 257.

Ingen innlagt

Ingen av sjukehusa i Helse Førde har innlagte pasientar med stadfesta koronasmitte. Det er seks tilsette i Helse Førde som er heimeverande eller sjukemeldte grunna korona. 

Tysdag denne veka kom fire av 393 prøvar tilbake positivt. Måndag var ingen testar positive. 

Helse Førde oppgir ikkje kva kommune dei smitta personane oppheld seg i. 

Til toppen