Sjukehuskorridor korona
Sjukehuskorridor korona (Foto: Helse Førde)

Helse Førde senkar beredskapen til grønt nivå

Etter ein periode med høgna beredskap og redusert aktivitet, planlegg Helse Førde no å trappa opp att aktiviteten på sjukehusa.

Sogn og Fjordane: Det skriv helseføretaket i ei pressemelding fredag.

– Dei som får innkalling til time, skal vite at det er trygt å komme til sjukehusa våre, seier administrerande direktør Arve Varden i pressemeldinga.

Alle norske sjukehus blei i mars bedne om å redusera planlagt kapasitet for å bu seg på mange koronasjuke. I Helse Førde har det fram til no ført til 9227 utsette avtalar.

Samstundes har all akutt hjelp, operasjonar og behandlingar som ikkje kan vente, gått som normalt.

– Me starta alt denne veka med å ta opp drifta. Me arbeider no vidare med på kva område vi skal auka aktiviteten, men det som skal liggje i botnen er medisinske vurderingar. Dei det hastar mest med, skal få innkalling først, seier Varden.

Framleis strenge tiltak

Dei strenge tiltaka for å avgrensa smittespreiing inne på sjukehusa vert oppretthaldne. Reglane om tilgangskontroll og avgrensingar på besøk er uendra. Pasientar som er kalla inn til time, og der det er mistanke om smitte eller symptom, vil anten bli testa eller få melding om å vere heime inntil smitte er utelukka.

Helseføretaket skriv at det som før er viktig å halde avstand. Venterom og fellesareal vert lagde til rette for å halda minimum to meter avstand.

– Me har opplevd at pasientar og pårørande har synt forståing for og vore lojale til dei inngripande tiltaka me sette i verk i midten av mars. Det håpar og trur me held fram, noko som óg er naudsynt når me no aukar trafikken til sjukehusa, seier Varden.

 

Framleis beredskap

Smittefaren i området til Helse Førde ser ut til å vere låg. Torsdag vart ei ny positiv prøve registrert, men den førre må me heilt tilbake til 4. april for å finna. Siste innlegging på sjukehus med stadfesta koronavirussjukdom var 8. april. Òg ved andre sjukehus går talet på innleggingar ned.

– Dette er årsaka til at alle helseføretaka i Helse Vest i dag reduserer beredskapen frå gul til grøn, står det i pressemeldinga.

Direktøren i Helse Førde understrekar likevel at kvardagen ikkje er heilt tilbake til det normale.

– Helse Førde er framleis i beredskap, seier han.

Utviklinga framover er uviss. Viss talet smitta går opp, og fleire må leggast inn på sjukehus, vil beredskapsnivået bli heva.

Til toppen