STADFESTAR DIAGNOSE: Pasienten som vart innlagt ved Førde Sentralsjukehus tidlegare denne veka med mistanke om rabies, har no blitt stadfesta gjennom analysesvar.
STADFESTAR DIAGNOSE: Pasienten som vart innlagt ved Førde Sentralsjukehus tidlegare denne veka med mistanke om rabies, har no blitt stadfesta gjennom analysesvar. (Foto: Helse Førde)

Helse Førde stadfestar rabiesdiagnose: - Pasienten er alvorleg sjuk

Laurdag fekk Helse Førde analysesvar frå prøvene teke av ein pasient som vart innlagt med mistanke om rabies-smitte.

Førde: Pasienten vart biten av ein hund på ferietur i Asia for vel to månader sidan, og sidan vedkomande kom attende har formen vorten dårlegare.

Fredag vart det kjent at personen hadde blitt innlagt ved Helse Førde, og prøver vart sendt til det statlege Folkehelsemyndigheitene i Sverige. Prøvane vart sendt til analyse i Sverige, då det ikkje er nokon i Noreg som gjer slike analysar. 

– Gjennom desse prøvesvara har me no fått stadfesta at diagnosen er rabies. Me tek framleis alle naudsynte forholdsreglar, og held fram med smitteverntiltak slik regelverket tilseier og i samråd med Folkehelseinstituttet, seier fagdirektør Trine Hunskår Vingsnes i ei pressemelding

Alvorleg sjuk

Vingsnes opplyser at pasienten er alvorleg sjuk. 

– Pasienten er alvorleg sjuk. Utover dette ønskjer me ikkje å gå ut med opplysningar om tilstanden. Som tidlegare er det viktigaste for oss å ivareta pasient og pårørande. 

Sjukdomen er nær sagt alltid dødeleg om ikkje personen som er smitta får vaksine før dei første symptoma dukkar opp. Den amerikanske jenta Jeanna Giese vart i 2004 den første kjend pasienten som likevel greidde å overleva.

Fleire var i kontakt med hunden

I pressemeldinga vert det opplyst at fleire personar i reisefølgjet, heimehøyrande i andre fylke, òg var i kontakt med den same hunden som beit den smitta pasienten. Heimkommunane er varsla.

På eit informasjonsmøte for tilsette ved Førde sentralsjukehus fredag opplyste Vingsnes at det ikkje er rapportert om at rabies smittar mellom menneske.

– Smitte til helsepersonell ved enkelte medisinske prosedyrar har vore diskutert, men det er aldri dokumentert at det har skjedd, korkje i Norge eller i utlandet, heiter det. 

Til toppen