Kring 60 personar er no vurdert i forhold til smittefare og karantene, og så langt er 19 av desse ilagt heimekarantene.
Kring 60 personar er no vurdert i forhold til smittefare og karantene, og så langt er 19 av desse ilagt heimekarantene. (Foto: Helse Førde)

KORONAVIRUS

Helse Førde-tilsett smitta: 19 nye i karantene

19 nye medarbeidarar i Helse Førde må i heimekarantene som følgje av at ein tilsett i føretaket måndag ettermiddag fekk påvist smitte frå koronaviruset.

Helse Førde: Dette er det første registrerte tilfellet av koronasmitte blant tilsette i helseføretaket. Det pågår no et omfattande arbeid med å avgrense spreiing av viruset inne på sjukehusa til helseføretaket.

– Vårt fokus er heile tida å hindre at så mange tilsette i kritiske stillingar blir berørt og må ut i karantene, slik at det kan gje utfordringar for viktige funksjonar i sjukehusa. seier seksjonsleiar for pasienttryggleik og smittevern i Helse Førde, Kari Holvik Furevik, i ei pressemelding.

Kring 60 personar ved helseføretaket er vurdert i forhold til smittefare og karantene, og så langt er 19 av desse ilagt heimekarantene. Når det gjeld testing for viruset, er retningslinene at ingen tilsette i Helse Førde blir testa dersom dei er symptomfrie.

Fram til no er det framleis ingen koronasmitta personar som har hatt behov for behandling på sjukehus i Helse Førde.

Til toppen