PRIORITET: Arbeidarpartiet vil prioritere utdanningsstillingar og rekruttering av fastlegar over heile landet, skriv Hilmar Høl og Siri Sandvik i Sogn og Fjordane Arbeidarparti.
PRIORITET: Arbeidarpartiet vil prioritere utdanningsstillingar og rekruttering av fastlegar over heile landet, skriv Hilmar Høl og Siri Sandvik i Sogn og Fjordane Arbeidarparti.

MEININGAR

Helse, tryggleik, fastlege!

Om vi framleis skal ha ei trygg og tilgjengeleg fastlegeteneste i framtida, må vi vise politisk handlekraft og snu trenden, skriv Hilmar Høl og Siri Sandvik i Sogn og Fjordane Arbeidarparti. 

MEININGAR: Fastlegeordninga er grunnsteinen i det lokale helsetilbodet vårt. No rapporterer fire av ti kommunar at dei slit med å rekruttere fastlegar. Ikkje minst er det fleire kommunar i Sogn og Fjordane som er uroa om dette utgangspunktet held fram. Om vi framleis skal ha ei trygg og tilgjengeleg fastlegeteneste i framtida, må vi vise politisk handlekraft og snu trenden. 

Ein av utfordringane med å rekruttere unge fastlegar i etableringsfasen, er rett og slett arbeidsmengda deira.  Med ei gjennomsnittleg arbeidsveke på meir enn 46 timar blir timeplanen meir utfordrande for familiar med to yrkesaktive personar. Erfaringane viser at desse legane set fagleg utvikling og kontroll over eiga arbeidsdag framfor overtid og høgare lønn. Dette er jo ingen uvanleg tanke for nokon i ein etableringsfase. Men korleis kan vi motivere fleire til fastlegestillingane?

Eit konkret tiltak kan vere å gi studentane meir praksis i allmennmedisin. Ein studie frå Cambridge Medical School viste at dei fekk tredobla talet på legar i spesialisering til allmennmedisin når dei fekk inn meir av dette i studietida. Dette er ein studie som vi bør ta på alvor, og som bør vere til inspirasjon for ei fagpolitisk endring. Medisinstudentane bør difor få meir praksis i allmennmedisin gjennom studiet.

Vidare må pengane følgje studentane. For i dag får ingen kommunar eller fastlegar kompensasjon frå Helse- og omsorgsdepartementet når dei tek imot legestudentar. Samstundes får sjukehusa eit vesentlig tilskot for å gjere det same. Dette er ikkje eit godt utgangspunkt når vi veit kva utfordringar som ligg til grunn. Vi meiner difor at kommunal sektor og spesialisthelsetenesta må sidestillast som praksisarena, med ei felles lovfesting og finansiering. 

Arbeidarpartiet vil prioritere utdanningsstillingar og rekruttering av fastlegar over heile landet. Våre medlemer i Helse- og omsorgskomiteen på Stortinget har levert eit framlegg som skal handsamast no i juni. Der vil vi be om ei utgreiing om korleis vi kan sikre god rekruttering av legar til primærhelsetenesta framover, med fokus på heile løpet frå medisinstudent til ferdig spesialist. 

Fastlegeordninga er grunnsteinen i det lokale helsetilbod vårt. Om vi framleis skal ha ei trygg og tilgjengeleg fastlegeteneste for alle innbyggjarar i framtida, må vi vise politisk handlekraft og snu den negative rekrutteringstrenden. Med rekrutteringstiltak, finansiering og utdanningsstillingar, er den politiske verktøykassa stor så lenge ein er villig til å bruke den.

Hilmar Høl, Fylkespartileiar
Siri Sandvik, Stortingskandidat
Sogn og Fjordane Arbeidarparti

Til toppen