HUSET MED DET RARE I: Mikrobryggeri, museum med utstoppa dyr, bakstekjøken og konsertlokale er noko av det Per Steinar Melås skal tilby på garden når det nye driftsbygget står ferdig i mars. – Summa summarum håper eg å lage eit levande hus, seier han. Foto: arkiv.
HUSET MED DET RARE I: Mikrobryggeri, museum med utstoppa dyr, bakstekjøken og konsertlokale er noko av det Per Steinar Melås skal tilby på garden når det nye driftsbygget står ferdig i mars. – Summa summarum håper eg å lage eit levande hus, seier han. Foto: arkiv.

Helsegründer vil lokke folk til gards med krokodiller og elefantar

Per Steinar Melås har ein av landets største samlingar av utstoppa dyr frå heile verda. No vil han stille dei ut i nybygg på garden.

Leikanger: Fire hundre kvadratmeter over to etasjar skal stå ferdig i mars og romme eit museum med utstoppa dyr frå heile verda, eit mikrobryggeri, ein bruktbutikk, eit konsertlokale, eit bakstekjøken og eit kontor for villmarkopplevingar.

– Ideane har vorte til litt etter kvart som spikerpakkane har blitt tømde, innrømmer Per Steinar Melås, som byggjer underverket heime på garden på Gjerde.

Les også: Melås: – Eit viktig bidrag frå Årdal-samfunnet

Den eventyrlege dyresamlinga vil sjølvsagt spele hovudrolla. I over tjue år har Melås reist jorda rundt for å jakte på eksotiske dyr og få dei utstoppa. I tillegg har han kjøpt enkelte av eksemplara.

– Kor mange det har blitt det veit eg ikkje sjølv, men det er langt over hundre. Og det er dyr frå alle verdas kantar, seier Melås.

Ei løve, fem giraffar og ei av verdas største krokodiller er allereie i samlinga og i februar får han ein elefant til gards.

– Den kjem i ein stor kontainer frå Namibia og skal stillast ut i huset. Det er ikkje heile elefanten, men den er kappa rett foran bakbeina, slik at elefanten liksom kjem ut frå veggen. Då får du inntrykk av kor stor elefanten er og ungane kan springe under buken på han.

Det mest spesielle dyret i samlinga er ein sumatratiger. Den finst det færre enn 400 individ av i dag.

– Den har eg ikkje skote sjølv, den har eg kjøpt. Den er femti år gamal, for den tigeren står på rødlista og er veldig sjeldan. Han skulle helst vore i naturen, levande, seier Melås.

Dørene vil vere opne for alle som vil og det vil ikkje vere nokon inngangsbillett til museet. Alt overskotet frå bruktbutikken går til Barnehjelp Afrika, eit humanitært hjelpearbeid Melås har drive i Sør-Afrika dei siste ti åra.

– Det er ikkje profittbasert, det handlar om å gje folk ei stor oppleving dei kan dele med andre. Men eg håpar dei handlar på bruktbutikken, for det går til eit godt formål, seier Melås.

Til toppen