Årdal: Helselaget nøgde seg ikkje berre med å gjeva den kosbare hjartestartaren i gåve til skilaget. Dei hadde også gått for ei innkjøpsordning der grundig kursing i å bruka apparatet fylgde med. Åtte personar i skilaget fór dimed på kurs i samband med at skilaget fekk apparatet.

– Når det er forskjellige arrangement på aktivitetssenteret, so vil det mest alltid vere èin av oss som gjekk på kurset til stades, seier Even Gundersen Vee ifrå skilaget.
So seier lensmannen i Årdal og mangeårig ÅTIL-entusiast Magne Knudsen, som også er på plass i skihytta, at det er mogleg å nytta seg av hjartestartaren også utan å ha gått på kurs, om ein fyrst kjem ut for ein hjartestans.
– So snart du trykkjer på apparatet, fortel det deg kva du skal gjera, og det er berre å lytta til instruksen, fortel han.
→ Les også: Ujamn tilgang på hjartestartar
Helselaget gjev viktige gåver med raus hand
Øvre Årdal Helselag gjev gåver med raus hand til gode føremål i heile kommunen. Aktørar i kommunen kan søkja helselaget om midlar.
– Men stundom er det ikkje alle som kjem på at dei kan søkja om midlar. No skreiv me til Årdalstangen Idrottslag og høyrde med dei om ikkje dei burde ha ein hjartestartar oppe på skihytta, fortel Anny Marit Vinda i helselaget.
Ho fortel at Helselaget spanderte hjartestartar på Fardal skihytte, og no var det på tid at også hytta mellom Seimsdalen og Ofredalen fekk same utrustning. Men ho legg til:
– Dette er ei spesiell gåve, for det er ei gåve me vonar at ikkje lyt verta nytta.

Men hjartestartaren kan kome vel med. Skihytta ligg like i nærleiken av Seimsåsen aktivitetssenter, og her er det mykje folk i skisesongen, og ustabil mobildekning. Og det er populært å gå turar her om sumaren òg.
– Det er eit veldig viktig sponsorbidrag de har ytt til oss, seier skitrenar Gundersen Vee frå skilaget i ÅTIL til kvinnene frå helselaget.
Det er ikkje berre skigruppene som har fått midlar frå Helsegruppa i det siste. Noko av det dei òg har bidrege med midlar til i år, er psykisk helsevern i kommunen, Kjedlaren Fritidsklubb, Norsk Folkehjelp Årdal, og sjukeheimen, som fekk eit nytt fjernsyn i gåve.