KAN FÅ «HAVARIKOMMISJON»: Får helseminister Bent Høie viljen sin kan sjukehusa, slik som her i Lærdal, få ein eigen kommisjon som kan rykkje ut og starte granskingar når noko går gale. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.
KAN FÅ «HAVARIKOMMISJON»: Får helseminister Bent Høie viljen sin kan sjukehusa, slik som her i Lærdal, få ein eigen kommisjon som kan rykkje ut og starte granskingar når noko går gale. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.

Helseministeren vil ha «havarikommisjon» for sjukehus

Helseminister Bent Høie (H) trassar den sterke motstanden i høyringsrunden og innfører ein såkalla havarikommisjon for sjukehusa.

  • Endret

Indre Sogn: Høie stadfestar overfor Aftenposten at han kjem til å føreslå ei slik ordning. Ved eit uventa dødsfall på sjukehus skal dermed ein eigen kommisjon kunne rykkje ut og undersøke kva som har skjedd.

Avgjerda har han tatt trass i dei mange innvendingane som kom fram då saka var på høyring. Alle fylkesmenn, sjukehus og kommunar som leverte høyringssvar, var kritiske til ein slik undersøkingskommisjon, ifølgje Dagens Medisin. Helsedirektoratet kom òg med innvendingar mot ordninga.

– Eg har valt å lytte til brukarorganisasjonane og Legeforeningen. Vi meiner at både Arianson-utvalet og høyringsrundane viser at det er behov for ein slik undersøkingskommisjon, i tillegg til det arbeidet Helsetilsynet utfører, seier Høie til Aftenposten.

Høgre og Framstegspartiet gjekk til val på at dei ville opprette ein slik kommisjon, og lovnaden kom òg med i regjeringsplattforma.

Eit utval leidd av fylkeslege Helga Arianson i Hordaland laga i fjor ei utgreiing om temaet. Ti av fjorten medlemmer i utvalet gjekk imot ordninga. Utvalet konkluderte i staden med å vidareføre satsinga på den eksisterande meldeordninga og retten til å melde frå til Helsetilsynet.

Til toppen