BARNEVERN: For første gong skal det gjennomførast eit landsomfattande tilsyn ved alle barnevernsinstitusjonane i landet.​ Foto: Sogndal kommune.
BARNEVERN: For første gong skal det gjennomførast eit landsomfattande tilsyn ved alle barnevernsinstitusjonane i landet.​ Foto: Sogndal kommune. (Foto: Halvor Farsund Storvik/arkiv)

Helsetilsynet vil granske alle barnevernsinstitusjonane i landet

For første gong skal det gjennomførast eit landsomfattande tilsyn ved alle barnevernsinstitusjonane i landet.

Undersøkingane er ein direkte konsekvens av stormen rundt granskingsrapporten i den såkalla Glassjenta-saka tidlegare i år. Rapporten, som første gong blei omtalt i Stavanger Aftenblad, avslørte store manglar og systemsvikt i samband med ei 15 år gammal jente som kom under omsorga til barnevernet.

Rapporten førte til den største granskinga av éi enkelt barnevernssak som nokon gong er gjort i Noreg, og no vil Helsetilsynet gjennomføre same grundige undersøkingar av alle barnevernsinstitusjonar i Noreg, skriv Aftenbladet.

– Vi planlegg no eit landsomfattande tilsyn der alle fylkesmenn skal føre tilsyn med tilbodet til barn og unge som bur på barnevernsinstitusjonar. Der vil det bli sentralt å sjå på bruken av makt og tvang, seier Helsetilsynets direktør, Jan Fredrik Andresen.

Granskinga i Glassjenta-saka førte til at Fylkesmannen i Hordaland, som leidde granskinga, endra tilsynsmetodikk og involverte barna meir. Samtidig endra fylkesmannen metodikken til å sjå meir heilskapleg på makt- og tvangsbruk overfor barn, ikkje berre vurdere lovlegheita av kvart enkelt inngrep. I rapporten bad dei også Helsetilsynet om å endre måten slike tilsyn går føre seg også nasjonalt.

Det er dette som no skal gjennomførast. Men ting tek tid. Den nye praksisen blir ikkje innført før i 2018 og 2019. (©NPK)

Til toppen