Aurland: – Det har vore problem med fuktinntrening gjennom deler av veggen ei stund, forklarar Mikkel Tokvam, fungerande tenesteleiar for teknisk i Aurland kommune.
Difor har kommunen fått skifta ut platekledning mot sørvest med ny fasadekledning.
«No er dette ordna og bygget er forhåpentlegvis tett når hauststormane set inn», står det på Aurland kommune sine nettsider.
– Arbeidet har pågått eit par månader og det er dei delene av fasaden der det har vore problem med fuktinntrenging at ny kledning har kome på, avsluttar Tokvam.