UTLYSING: Frode Henden, presseansvarleg for NAV Sogn og Fjordane, meiner verksemder bør tenkja seg om før dei gjer tilsetjingar utan å lysa ut stillingane. Pressefoto
meiningar
UTLYSING: Frode Henden, presseansvarleg for NAV Sogn og Fjordane, meiner verksemder bør tenkja seg om før dei gjer tilsetjingar utan å lysa ut stillingane. Pressefoto
meiningar

Hemmar rekrutteringspolitikken nyskaping i næringslivet? 

Når vi veit at svært mykje av rekrutteringa innan privat sektor i fylket skjer gjennom «kjennskap og venskap» utan utlysing, kan den rette personen gå tapt. 

I årets Bedriftsundersøking svarar berre ei av fire bedrifter i fylket at dei planlegg å ta i bruk ny teknologi eller nye produksjonsprosessar det komande året. Dette er urovekkande få i ei tid der omstillingsevne og bruk av ny teknologi er på dagsorden i nær sagt alle samanhengar. 

Suksessrike bedrifter har ofte gjort bevisste val ved å setje saman utradisjonelle fagmiljø for å utfordre dagens forretningsmodell og utvikle nye produkt og marknadar. Når vi veit at svært mykje av rekrutteringa innan privat sektor i fylket skjer gjennom «kjennskap og venskap» utan utlysing, kan den rette personen gå tapt. 

Slik rekruttering er billeg og effektiv, men ein mistar då sjansen til å møte alle dei andre som synest at nettopp di bedrift er spennande og vil vere med og utvikle den vidare. 

Det er eit paradoks at bilindustrien i Sverige jaktar på norske oljeingeniørar i Stavanger, samstundes som vi høyrer at norske bedrifter er i tvil om kompetansen er den rette og om motivasjonen er på plass. 

Når krava til omstilling vert stadig større, må dette også bli avspegla i at bedriftene hentar inn folk med annan kompetanse og andre erfaringar som kan opne nye dører og gje bedrifta nye perspektiv. 

Eg er heilt sikker på at den store byggje- og anleggsnæringa i fylket vil ha god nytte av ingeniørar og andre fagfolk frå oljenæringa som har kompetanse i verdsklasse med seg i ryggsekken. 

Innan bygg- og anlegg vert berre ein tredjedel av stillingane lyst ut, og det er stor fare for at næringa difor går glipp av spennande, framtidsretta kompetanse. 

Offentleg sektor, som er pålagt å lyse ut alle ledige stillingar, får no svært god respons på stillingar innan tekniske fag som ein tidegare har hatt store problem med å fylle. Dette syner at mange av dei som har mista jobben som følgje av oljekrisa, er klare for både karriereskifte (ofte med mindre løn) og å flytte geografisk. 

Vi har svært god oversikt over dei ledige både i Hordaland og Rogaland og kan hjelpe di bedrift til finne gode kandidatar til ledige stillingar. NAV kan også bidra med reise- og flyttestønad til personar som vil prøve seg i ny jobb i vårt fylke. Vi kjenner oss sikre på at det vil vere god interesse for spennande jobbar i fylket dersom dei vert lyst ut og marknadsført godt i fylka sør for oss.

Til toppen