TUNGTRANSPORT: Rv 52 Hemsedalsfjellet blir hovudsamband for næringstransport.  Regularitet skal bli betre, køyretida kortare og det skal bli betre miljøløysingar. Illustrasjonsfoto

Hemsdalsfjellet skal vera hovudveg for næringstransport

Regjeringa og støttepartia satsar på både rv. 7 og rv. 52 – dei to vegane skal vera hovudvegar for kvar sine føremål. Også E16 skal ha ein viktig funksjon; med andre ord skal alle gjerast til lags.

  • Endret
GJER ALLE TIL LAGS: Parlamentarisk leiar i Høgre, Trond Helleland.
GJER ALLE TIL LAGS: Parlamentarisk leiar i Høgre, Trond Helleland.

Indre Sogn: – Det er mange viktige vegar aust-vest. Riksveg 7 skal vera hovudveg for turisme og lettare trafikk. Hemsedalsfjellet skal vera hovudveg for næringstransport og  tungtransport. E16 er alt bygd ut og vil vera ein avlastingsveg for dei andre, sa Trond Helleland (H) til NRK då pressekonferansen på Geilo starta klokka 1230.

Såleis går ein langt på veg vekk frå at ein veg blir vald som tydeleg stamveg framfor nokon annan. Oppsummert er det dette regjeringa og samarbeidspartia i korte trekk er samde om:

  • E 16 skal fullførast og ha viktig funksjon som vintersikkert alternativ.
  • Rv 52 blir hovudsamband for næringstransport.  Regularitet skal bli betre, køyretida kortare og betre miljøløysingar. 
  • Rv 7 skal utviklast som hovudveg for persontrafikk.

Les også: – Nesten skremmande kor mykje vegvalet betyr

Rv 7. - forkjempar: Fekk ønskjet sitt innfridd

– Særskild viktig er det å gjera Hardangervidda vintersikker, sa Helleland.

Det var venta at pressekonferansen på Geilo skulle gje svar på kva veg regjeringa vil prioritera når Nasjonal Transportplan 2018 - 2029 blir vedteken i Stortinget i juni. Statens Vegvesen har i to omgangar tilrådd rv. 52 Hemsedalsfjellet framfor rv. 7. Hardangervidda som nordleg aust - vest hovudveg. E134 Haukeli er alt vald som det sørlege hovudvegsambandet.

Dagleg leiar for Hardangerviddatunnelene, Harald Victor Hove, uttala til Porten.no rett før pressekonferansen på Geilo at han håpa på ei innstilling frå regjeringa som ville kunne stå politisk sterkt:

– Medan Vegvesenet har lagt opp til at «The winner takes it all», og vinnaren deira altså er Hemsedalsfjellet, håpar eg på ei løysing som ivaretek både oss og vår konkurrent, rv. 52, sa Hove.

Sogndalsordføraren: – Så lenge dette ikkje gjer at det ikkje blir noko av noko

Og det ønskjet må ein seia han fekk innfridd til gagns – når Helleland framheva at også E16 Filefjell skal ha ein sterk status vidare etter regjeringa og samarbeidspartia si innstilling, er det inga overdriving at alle skal gjerast til lags med opplegget frå regjeringa 

TÅLEG NØGD: Sogndalsordførar Jarle Aarvoll (Ap) Arkivfoto
TÅLEG NØGD: Sogndalsordførar Jarle Aarvoll (Ap) Arkivfoto

– Dette har eit tidsperspektiv fram mot 2050. I første omgang blir det strekningsvise utbyggingar. I neste NTP-periode, om fire år, kjem dei konkrete tiltaka på plass. Til dømes kva tunnelar ein skal byggja, sreka Helleland under.

Sogndalsordførar Jarle Aarvoll var slik tåleg nøgd, men kom med følgjande bekymring overfor NRK:

– Så lenge dette ikkje gjer at det ikkje blir noko av noko.

Han streka også under at regjeringa her går mot fagetaten:

– Vanlegvis pleier Regjeringa å lytte til Statens Vegvesen som har gått denne runden to gonger. Dei går i mot dei faglege råda, seier Aarvoll vidare.

– Svært viktig for næringslivet

Ordførar i Aurland kommune, Noralv Distad (H), er også glad for at riksveg 52 skal fungere som ein hovudveg for næringstransport, der regularitet skal bli betre, køyretida kortare og miljøløysingane betre.

GLAD: Aurlandsordførar Noralv Distad. Arkivfoto
GLAD: Aurlandsordførar Noralv Distad. Arkivfoto

– Dette er føretrekt samband for tungtrafikk og svært viktig for næringslivet både i Sogn og Fjordane og nabofylke, seier han.

Samarbeidspartia ville altså ikkje gå inn for éin hovudveg, men i staden vil dei utbetre både E16, riksveg 52 og riksveg 7. Distad meiner det òg er viktig at E16 vert ferdigstilt. 

– Både persontrafikken generelt og turisttrafikken spesielt vil òg ha stor nytte av forbetra løysingar for E16 og riksveg 52. Betre samferdsleløysingar vil ha stor verdi for næringslivet i fylket. No må me jobba aktivt for å få på plass konkrete prosjekt på desse to vegane, legg han til.

Han meiner difor at lang tunnel under Hemsedalsfjellet må vurderast. Det same gjeld bru over Sognefjorden mellom Fodnes og Mannheller for å knyta på riksveg 5. 

Til toppen