BESTE LØYSING: Hemsedalsfjellet er best for samfunnsøkonomien, måloppnåinga, stigningsforholda og ikkje minst trafikkgrunnlaget, skriv fylkesordførar Jenny Følling. Arkivfoto: Ina Eirin Eliassen. 
BESTE LØYSING: Hemsedalsfjellet er best for samfunnsøkonomien, måloppnåinga, stigningsforholda og ikkje minst trafikkgrunnlaget, skriv fylkesordførar Jenny Følling. Arkivfoto: Ina Eirin Eliassen. 

MEININGAR

Hemsedal – det riktige val!

Statens vegvesen har i to rundar vore tindrande klare på at den beste heilskapsløysinga for eit aust-vestsamband er E134 Haukelifjell med arm til Bergen og rv. 52 Hemsedalsfjellet med arm på rv. 5 nordover mot Ålesund.  

KRONIKK: Vegen vil knyte kystnæringane til innlandet og Austlandet og synleggjere effekten av å opne   Nordvestlandet. Samstundes vil Hordalandsdiagonalen føre til at heile Vestlandet blir dekka. 

Løysinga er best for samfunnsøkonomien, måloppnåinga, stigningsforholda og ikkje minst trafikkgrunnlaget.

Mindre sårbart, meir påliteleg

Anbefalinga frå Statens vegvesen er, mellom anna, grunngjeven med at desse to hovudvegsambanda  mellom aust og vest tener ulike område. Saman gjer desse traseane aust-vestsambandet mindre sårbart og meir påliteleg. Vegvalet frå fagleg hald er no endeleg landa og argumenta for den kombinerte løysinga med riksveg 52 og E134 er betre understøtta og analysert enn nokon gong.

No er ballen spelt over til politikarane i regjering og på Stortinget. Den endelege avgjerda kjem i samband med handsaminga av Nasjonal Transportplan 2018–2029 våren 2017.

Einaste alternativ

Etter mitt syn har regjeringa no fått ei alle tiders pasning frå fagmyndigheitene. Ei pasning som er ferdig dempa og bør vere ferdig skåra. Det er vanskeleg å sjå kva råd regjeringa elles skal legge til grunn enn dei Statens vegvesen no i to rundar har stadfesta som det beste alternativet. Alternativet har solid støtte både aust og vest om fjellet. 

E134 med arm til Bergen og riksveg 52 Hemsedalsfjellet i kombinasjon er så mykje betre enn alternativet at ein ikkje utan vidare kan oversjå denne løysinga. Kombinert med bru Mannheller-Fodnes vil det opne opp for heile Vestlandet.

Betre og billegare

Så er det heller ikkje tilfelle, slik enkelte hevdar, at det er marginale forskjellar mellom alternativa. Ser vi på transportøkonomien for næringstransporten, viser analysane at stigningsforholda, som er svært viktige for transportnæringa, kjem klart best ut for Hemsedalsfjellet. Med ein lang tunnel på riksveg 52, er det berre 3,5 prosent av strekninga som har ei stigning på meir enn 4 prosent. Med tilsvarande tal for riksveg 7, får 15 prosent av strekninga meir enn 4 prosent stigning.  

Ser vi på investeringskostnaden, så er utbyggingskostnaden på riksveg 52, uavhengig av konsept, om lag 3 milliardar kroner lægre enn for riksveg 7. Også i netto nytte kjem riksveg 52 best ut.

Reiselivsargumentet

Hovudargumentet for bygginga av ein stamveg er næringstransporten sine behov og transport av gods på ein trygg måte. Enkelte har flagga høgt reiselivsnæringa sine behov, og det er ingen tvil om at reiselivsnæringa er svært viktig, men det kan ikkje vere hovudargumentet i val av stamveg aust-vest. Reiselivsnæringa i Sogn hadde i 2015 ein rekordstor vekst. Samanliknar vi Sogn med Hardanger, så hadde Sogn 200 fleire gjestedøgn enn Hardanger i 2015. Tala frå januar til juli 2016 viser same tendens: Sognefjordregionen har 406 409 gjestedøgn medan Hardanger har 286 130. I ein kommentar til oppdaterte overnattingstal frå Statistisk sentralbyrå seier leiar i NHO Reiseliv, Kristin Krohn Devold at Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal, alle er på topp fem-lista over dei fylka med størst vekst knytt til utanlandske overnattingar.

Desse tala og kommentarane seier oss følgjande: Bruk gjerne reiselivet med rette som gode argument for betre vegstandard, men ver ærlege på at Sogn og delar av Hallingdal er like viktige og minst like store på reiseliv som Hardanger og andre delar av Hallingdal.  

Ikkje bygg konkurrent til toget

BT skriv på leiarplass 5. september 2016:

«Statens vegvesen planlegg veg. Politikarane pliktar å sjå samferdsleprosjekt av denne typen i større perspektiv. Jernbane bør også vera ein del av rekneskapen når kommunikasjonslinene mellom aust og vest skal planleggjast. Bergensbana må rustast opp og gjerast konkurransedyktig med vegtransport. Det vil også kunne ha stor verdi for Hallingdal.»

Her kunne eg ikkje vore meir einig. Argumentet er svært sentralt fordi Hordaland og delar av Hallingdal, der rv. 7 går i dag, har ein jernbanetrase til å frakte både personar og gods. I tillegg er det sagt at vi ikkje bør byggje ut vegnett som kan vere ei barriere for å få meir gods frå veg til bane.

Bergensbanen har i dag ein stykkgodsandel på kring 70 prosent. Å byggje ut ein parallell og ein direkte konkurrent til toget vil difor vere eit feilgrep for å nå målsetjinga om å få meir gods over på bane. Verken Sogn og Fjordane eller Sunnmøre har jernbane. For å kompensere for dette treng vi eit vegnett som er tilrettelagt for modulvogntog for framtida sine transportbehov. 

Vidare veit vi at det eksisterer ytterlegare gode kollektivforbindelsar for persontrafikken mellom Bergen og Oslo. Over halvparten av alle reiser mellom desse to byane skjer med fly. 

Det store biletet må vinne

Så var det dette med at politikarane pliktar å sjå samferdsleprosjekt i eit større perspektiv. Der er eg også heilt einig med leiaren i BT. Å lytte til eit samla Sogn og Fjordane ,Telemark, Rogaland og delar av Hordaland og næringslivet i Møre og Romsdal er å ta innover seg det store perspektivet som ligg i å velje ei løysing for heile Vestlandet. Lyttar vi i tillegg til NHO sentralt og lokallaga i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal, LO sentral, Norges Lastebileigarforbund og ikkje minst Statens vegvesen, så er transportørane, fagmyndigheitene for veg og ein stor del av brukarane av vegnettet lytta til. 

Om målet er samferdsleløysingar som skapar utvikling og vekst i heile landet, så må ein velje dei løysingane som bidreg til dette. Eit raskt blikk på influensområdet til rv. 52 + rv. 5 og E134 med arm til Bergen er som eit puslespel der alle brikkene fell på plass. Denne løysinga «tek landet i bruk» – og heile Vestlandet i bruk.

Nestleiar i transportkomiteen på Stortinget, Eirik Siversten (Ap) seier dette til NRK Telemark: 

«For min del er det å koble på en ekstra arm til Bergen på E134 en helt naturlig ting å gjøre».

Eg har full tiltru til at våre folkevalde i regjeringa og på Stortinget legg fugleperspektivet til grunn og set den ferdigdempa pasninga frå Statens vegvesen i mål. Val av rv. 52 Hemsedalsfjellet og E134 med arm til Bergen er å velje samferdsleprosjekt som ser det store biletet. Å bygge effektive og pålitelege vegnett med armar som grip om seg til eit størst mogeleg område er rett og slett, «en helt naturlig ting å gjøre».

Fylkesordførar i Sogn og Fjordane
Jenny Følling

Til toppen