STENGT: Rett ovanfor krysset på Borlaug står eit vogntog og sperrar vegen, difor er Hemsedalsfjellet stengt. Arkivfoto
STENGT: Rett ovanfor krysset på Borlaug står eit vogntog og sperrar vegen, difor er Hemsedalsfjellet stengt. Arkivfoto

Hemsedalsfjellet opna att etter bilberging

Hemsedalsfjellet er opna att etter at eit vogntog sperra vegen.

Lærdal: Vegen har vore stengt i 3,5 timar sidan 13.30 torsdag ettermiddag. Årsaka var eit vogntog som sperra vegen rett ovanfor Borlaug.

No er vogntoget berga, og trafikken går som normalt att. Det er glatt i fjellet, så store køyretøy vert oppmoda om å bruke kjetting.

På Hol-Aurland er det no kolonnekøyring torsdag ettermiddag. På Tyin-Årdal og på Filefjell går trafikken som normalt. 

Til toppen