BILBERGING: Biletet er teke av eit webkamera på Breistølen, i retning Borlaug, klokka 19:19. Det er uvisst om bilen på biletet har noko med stenginga å gjera.
BILBERGING: Biletet er teke av eit webkamera på Breistølen, i retning Borlaug, klokka 19:19. Det er uvisst om bilen på biletet har noko med stenginga å gjera. (Foto: Statens vegvesen/webkamer)

Hemsedalsfjellet ope att etter bilberging

Var stengt i ein knapp time.

Indre Sogn: Hemsedalsfjellet vart tysdag kveld stengt på grunn av bilberging. Det melde vegtrafikksentralen klokka 18:41.

Vegvesenet kunne først opplysa at berginga starta klokka 18:45, men ikkje særleg meir enn dèt.

– Det viktigaste er at me får opna vegen att, kunne operatøren på vegtrafikksentralen fortelja ein halvtime etter at berginga starta.

Ikkje lenge etter gjorde dei nettopp dèt.

Dette er status på dei andre vinteropne fjellovergangane i Indre Sogn:

  • E16 Filefjell: Ope
  • Fv53 Tyin-Årdal: Ope Nattestengt fra klokka 22:30
  • Rv13 Vikafjellet: Stengt. Ny vurdering i morgon klokka 10:00
  • Fv50 Hol-Aurland: Ope.
Til toppen