VINTERLEG: Hemsedalsfjellet var stengt i morgontimane måndag. Biletet vart teke like før klokka 08:00.
VINTERLEG: Hemsedalsfjellet var stengt i morgontimane måndag. Biletet vart teke like før klokka 08:00. (Foto: Statens vegvesen/webkamera)

Hemsedalsfjellet ope att

Vogntog som saksa måtte få hjelp av bilbergar.

Lærdal: Hemsedalsfjellet var måndag morgon stengt på grunn av bilberging. Ifølgje NRK hadde eit vogntog mista kontroll på glatta og saksa.

– Førarhytta har hamna i grøfta. Me har folk på veg no for å rydda opp, sa Nina Heggernes i Statens vegvesen til NRK tidlegare på dagen.

Fleire andre vegar i Sogn er framleis stengde etter uvêret som herja i helga.

  • Aurlandsfjellet er stengt på grunn av uvêr.
  • Tindevegen mellom Øvre Årdal og Turtagrø er stengt på grunn av uvêr.
  • Gaularfjellet er stengt ved Bårddalselvi bom på grunn av oppryddingsarbeid. Forventa opning klokka 12:00.
  • Sognefjellet er ope att, men vil bli nattestengt frå klokka 20:00.
  • Fylkesvegen langs Framfjorden i Vik er open att, men det er redusert framkomme på grunn av opprydding.
Til toppen