Illustrasjonsfoto
Illustrasjonsfoto (Foto: Illustrasjon)

Hemsedalsfjellet var stengd

Teknisk feil gjorde at Hemsedalsfjellet var stengd ein liten time.

Lærdal: Politiet i Sogn og Fjordane twitra klokka 1745 at grunna ein teknisk feil hadde bommen på Borlaug gått ned og lampa lyste raudt. Såleis var det umogleg å passera, og Hemsedalsfjellet var i praksis stengd frå vest. Ein time seinare melde politiet at problemet var løyst og vegen open att.

Til toppen