Årdal 2/Jotun/ÅTIL – Førde 3 8-0
Årdal: Det byrjar å dra seg til i avdeling 1 i 5. divisjon, der laga frå Sogn dominerer tabelltoppen.
Tysdag sørgja samarbeidslaget i Årdal for at dei også heng med i kampen om 1. plassen etter at dei sendte Førde 3 heim att med 8-0 i sekken.
Berre eitt poeng skil dei fire øvste laga etter ni spelte kampar, og samtlege av desse er frå Sogn.
Mot Førde 3 var det grei skuring. Gjestane hadde knapt ein sjanse, medan årdølene gjorde som dei ville framover på bana. Målscorarane var Kenth Lægreid, Marius Loftheim, Nicolai Laberg, Anders Lereng, Ruben Aspeseter, Sander Bjørkum Øvstetun og Endre Vigdal Øren.
Laget klatrar dermed opp på ein 3. plass foran Syril, som tapte 1-3 for Balestrand måndag. Sistnemnte toppar tabellen på målforskjell med 18 poeng. Det er det same som Bjørn, som slo Askvoll/Holmedal 2-0 søndag.
- Sjekk tabellsituasjonen i 5. divisjon på Porten.nos sportsseksjon
Neste kamp for samarbeidslaget er allereie søndag mot tabelljumbo Hyllestad/Dale 2, som framleis ikkje har tatt poeng denne sesongen. Bjørn skal møte Fure, Balestrand møter Førde 3, medan Syril tar imot Askvoll/Holmedal.