SJEKK AVSTANDEN: Uansett korleis du vil arrangera bileta, er det lurt å vera nøye med måla. Same avstanden mellom rammene gjev likevekt, tipsar stylisten Jenny Martinsson. Foto: Christine Olsson / TT
SJEKK AVSTANDEN: Uansett korleis du vil arrangera bileta, er det lurt å vera nøye med måla. Same avstanden mellom rammene gjev likevekt, tipsar stylisten Jenny Martinsson. Foto: Christine Olsson / TT

Heng rett

Ein biletvegg kan skapa liv i eit rom. Men det krev litt planlegging å skapa ein fin heilskap.

Det hender kanskje at du ser gjennom samlinga di av innramma plakatar og fotografi. Kanskje har du også nokre grafiske trykk, ein akvarell, eit oljemåleri og nokre morosame barneteikningar du vil hengja opp. Alt er fint kvar for seg. Men uansett korleis du arrangerer elementa, ser det merkeleg og uryddig ut.

Heldigvis finst det nokre reglar å innretta seg etter for dei som ikkje har erfaring med å hengja opp bilete. Det kan vera lurt å sjekka tipsa sjølv om du har ei naturleg kjensle for kva som blir ein fin biletvegg.

Artikkelen held fram under biletet

GRUNNLINJE: To fotografi, eitt i høgde- og eitt i breiddeformat, kan med fordel hengjast opp side om side ved å bruka same grunnlinje.
GRUNNLINJE: To fotografi, eitt i høgde- og eitt i breiddeformat, kan med fordel hengjast opp side om side ved å bruka same grunnlinje.

Hulter til bulter

Ein vanleg feil er å plassera innramma verk for høgt på veggen.

– Må du stå på ein krakk for å hengja opp ramma, er det som regel for høgt. Unntaket er når du har eit møbel under ramma. Viss ikkje, skal biletet hengjast i augehøgde, slår interiørdesignar Kristina Lifors fast.

ASYMMETRISK: Det kan vera stilig om rammene heng hulter til bulter. Bevisst asymmetri er også fint, om du tør.
ASYMMETRISK: Det kan vera stilig om rammene heng hulter til bulter. Bevisst asymmetri er også fint, om du tør.

Før du slår spikaren i veggen, bør du likevel tenkja på kva stil du vil ha på biletveggen din. Det finst ulike «stilskular».

– Nokre synest det er best når alt er symmetrisk, og at det matchar i fargar og rammer. Andre likar såkalla gallerivegg, der rammene heng hulter til bulter, altså at det ikkje matchar, seier Lifors.

Sjølv eksperimenterer ho gjerne med asymmetri i arrangementa sine. Nyleg innreidde ho ei leilegheit der ho samla fine menyar frå restaurantar i Stockholm og New York. Motiva danderte ho rundt om på ein svartmåla vegg, over ein plassbygd sofa i kjøkenet.

– Eg ramma menyane inn i svarte og brune trerammer i ulike storleikar og tjukkleikar. Det blei originalt og innbydande. Rammene blei hengde opp utan rette linjer, noko som gjorde det levande. Det blei vellykka, meiner ho.

Mål ekstra nøye

Eit godt tips er at du først legg motiva utover på golvet, og sorterer dei der til du er nøgd. Det kan vera lurt å ta eit bilete med mobilen av korleis du vil ha det før du tek til å hengja opp.

Er du usikker på om det eigentleg blir bra, er symmetri eit sikkert val.

UTAN SPIKAR: Du kan også lena bileta mot veggen, anten på golvet, på ein kommode eller, som her, på radiatoren.
UTAN SPIKAR: Du kan også lena bileta mot veggen, anten på golvet, på ein kommode eller, som her, på radiatoren.

– Det kan aldri bli feil – så lenge rammene heng på linje med kvarandre, samtidig som det er like breitt mellomrom mellom kvar ramme, seier Kristina Lifors.

Uansett kva stil du vel, er det viktig å måla rett. Det gjeld anten du vil hengja bileta med like eller ulike mellomrom. Sjølv i sistnemnde tilfelle skal du måla nøye, slik at det ikkje blir for mykje luft mellom nokre og for tett mellom andre, strekar ho. under

Ein tommelfingerregel er å dobla breidda på rammene, og bruka dette som fast avstandsmål mellom rammene. Vel du dette som norm, skal altså avstanden vera fire centimeter dersom ramma er to centimeter brei.

Møbelmatch

Rammene skal ikkje berre hengja bra i forhold til kvarandre. Dei skal også fungera i rommet som heilskap, og passa med møblane og møbleringa.

– Om eg heng eit bilete over eit møbel, meiner eg det bør vera litt luft mellom møbelet og ramma. Erfaringa mi er at ein avstand på rundt 30 centimeter er passeleg, fortel Lifors.

Artikkelen held fram under biletet

LIKE RAMMER: Inntrykket blir enkelt og einsarta ved å bruka same rammetype.
LIKE RAMMER: Inntrykket blir enkelt og einsarta ved å bruka same rammetype.

Over konsollbord og kommodar er det finast om møbelet er breiare enn ramma, meiner ho. Viss ikkje, kan det heile verka «topptungt». Og du bør sentrera bileta viss du heng fleire bilete over eit veggmøbel.

– Står det til dømes ein stor lampe på ein kommode, kan du inkludera den. Då lèt du lampen og bileta laga ei samla eining, seier ho.

 

(©NPK)

 

Til toppen