Sogndal: Steinar Bukve Witsø (31) frå Sogndal starta Amok Equipments i 2013 saman med eit par kompisar på entreprenørskulen ved NTNU.
Gjennom nettsidene sine har dei i dag seld hengekøyrer til over førti land og for meir enn ti millionar, dei har varelager i USA, Europa og Norge og femti-seksti butikkar i Europa. No ser gründerkompisane etter investorar som kan hjelpe dei å vekse enno fortare.
– Det er spanande tider, det er mykje som skjer, stadfester Steinar Bukve Witsø på telefon frå Helsinki.
Les også: – Den dagen jantelova skremmer vekk «galningen», har de tapt
Les også: SGNskis drøymer om skifabrikk i Sogndal

Satsar på internasjonal vekst
I Finland har han vore på årsmøte i Scandinavian Outdoor Group, ein interesseorganisasjon for nordiske produsentar av tur- og friluftsutstyr som ønskjer å samarbeide for å nå den internasjonale marknaden.
Kjente merker som Bergans, Fjällräven, Haglöfs, Norrøna og andre er med. Førebels er det eit stykke for Amok opp til dei.
– I fjor var omsetninga vår på i underkant av fire millionar, så me er framleis i oppstartsfasen. Men no ser me at det byrjar å lausna og at me kan veksa raskare, seier Bukve Witsø.
Les også: Robotar frå Sogndal får hjelp av EU til å erobre verda
Der er her investorane kjem inn i biletet, det kostar nemleg å vekse. Amok ser for seg å selje ut opp mot tjue prosent av selskapet mot rundt fire millionar i vekstkapital.

Men det er ikkje Øystein Stray Spetalen, Stein Erik Hagen eller Petter Stordalen dei prøver å lokke med på laget.
Vil ha folket med som investorar
Gutane bak Amok har ei litt alternativ tilnærming til draumeinvestoren.
– Me satsar på relativt nytt fenomen som heiter aksjebasert folkefinansiering. I motsetning til èin eller to «vanlege investorar» vil me heller at det skal vere vanlege folk som er interesserte i oss og likar det me driv med. Då blir dei samstundes blir dei kjempegode ambassadørar for merket, seier Bukve Witsø.
Pengane dei får inn vil hovudsakleg gå til marknadsføring og sal retta mot Nord-Amerika.
Les også: Internasjonal interesse for Eldegard-hudpleie
– Me byrjar å få eit ganske bra nettverk av butikkar i Europa. Me ser på USA som eit naturleg neste steg, ikkje minst er det den største marknaden for villmarkshengekøyer.
– Kva var idèen som fekk dykk til å ville starte eit eige selskap?
– Målet var å lage ei flat hengekøye, slik at du kan sova skikkeleg komfortabelt når du er ute på tur, seier Bukve Witsø.
Sidan balla dei nye idèane på seg.
Ikkje ein campusgründer
No er hengekøya meir som eit svevande telt, med liggjeunderlag, myggnetting og vanntett tak. Og ølholdar.
– Du kan òg gjere hengekøya om til ein stol, så du kan sitte og sjå utover fiskevatnet medan du drikk ølen din, så det er luksus. Du kan telte på mange nye plassar, for du slepp å tenke på underlaget, om det er blautt eller stein. Så det blir ein ny måte å oppleva naturen på, seier Bukve Witsø.
Les også: Dei er beste ungdomsbedrifta i fylket
Med ein slik forretningsidè skulle du tru at selskapet hadde passa perfekt inn i gründermiljøet på Fosshaugane Campus. I staden har dei etablert seg med kontor i Oslo.
– Det er litt vanskeleg å overbevisa dei andre om å flytta alt til Sogndal, sjølv om det kunne ha passa meg bra. Men eg har hatt med heile teamet til Sogndal og Jostedalen på ski og jakt og alt mogleg. Så eg trur dei likar seg, seier Bukve Witsø.