Dødsulukka i Luster blir henlagt
(Christian Blom)

Dødsulukka i Luster blir henlagt

Det er ikkje funne tekniske feil på køyretøya, og både bilen og bussen hadde vinterdekk med lovleg mønsterdybde.

Hafslo: Politiet har bestemt seg for å henlegge dødsulukka på Hafslo tysdag 20. oktober i år. Det fortel Chritian Algrøy-Vegheim til BT, som først skreiv om saka. 

Algrøy-Vegheim seier til avisa at deira undersøkingar viser at bilen mista veggrepet, kom over i motgåande køyrefelt og traff bussen.

– Det er ikkje funne tekniske feil på køyretøya, og både bilen og bussen hadde vinterdekk med lovleg mønsterdybde. Bussjåføren gjorde ikkje noko klanderverdig, seier Christian Algrøy-Vegheim til BT.

Saka er no sendt over til påtaledelen av politiet for endeleg avgjerdsle.

Til toppen