TRENG SPELETID: Henrik Furebotn skal bruke hausten til å kjempe for at Fredrikstad unngår nedrykk frå 1. divisjon, saman med mellom anna tidlegare lagkampis Ulrik Flo. Etter 16 serierundar ligg FFK rett over streken, med berre tre poeng ned til sisteplasserte Arendal.
TRENG SPELETID: Henrik Furebotn skal bruke hausten til å kjempe for at Fredrikstad unngår nedrykk frå 1. divisjon, saman med mellom anna tidlegare lagkampis Ulrik Flo. Etter 16 serierundar ligg FFK rett over streken, med berre tre poeng ned til sisteplasserte Arendal. (Bilde: Halvor Farsund Storvik)

Bakke: – Det er ikkje slik at me vil pressa han ut

Henrik Furebotn går på lån til Fredrikstad ut sesongen. Trenar Eirik Bakke avviser at konfliktar er årsaka til at kapteinen hamna ute i kulda.

Sogndal: Trenar Eirik Bakke seier han fekk førespurnad om å få låne midtbaneterrieren ut sesongen av FFK-trenar Andrea Loberto, som han kjenner frå tida i Leeds.

– Det er ikkje slik at me vil pressa han ut. Henrik treng å få spela kampar. Det er viktig at han får tilbake sjølvtilliten, gløden og trøkket ved å spela førstelagsfotball. Det trur eg han føler sjølv òg, seier Bakke.

DEN GONG DÅ: Tidleg i sesongen var Henrik Furebotn ein av Eirik Bakke sine mest betrudde menn. No går han på utlån for å få speletid.
DEN GONG DÅ: Tidleg i sesongen var Henrik Furebotn ein av Eirik Bakke sine mest betrudde menn. No går han på utlån for å få speletid. Foto: Halvor Farsund Storvik

Kallar rykter om konflikter berre tull

Furebotn starta sesongen som kaptein, men hamna ute i kulden før bortekampen mot Haugesund i den 7. serierunden. På bygda har det blitt spekulert i at årsaka var ein episode på treningsfeltet der dei to kom på kant. Det avviser Bakke som «berre tull».

– Me har ofte diskusjonar, men dette har ingenting med dèt å gjera. Eg har eit godt forhold til Henrik og me pratar ope og fair med kvarandre, sjølv om han sjølvsagt ikkje er nøgd med å ikkje få spela. Eg har vore spelar sjølv og veit korleis det er, seier Bakke.

Då twitterspekulasjonane om låneopphaldet byrja å tikke inn i går, men før dei hamna i media, ringte Porten.no til Furebotn for å høyre om det var noko hald i FFK-ryktene. Akkurat passe overraska kunne han svare at han ikkje kunne «vere på veg» til Fredrikstad, all den tid han sat heime i Sogndal og åt kylling. Årdølen kan med andre ord kunsten å vri seg unna meir enn berre tacklingar på fotballbana.

Overgangen endeleg offisiell

For neste morgon stadfestar Fredrikstad FK låneovergangen på sine heimesider.

– Når dette dukka opp var det eigentlig ikkje noko tvil. Fredrikstad er ein stor klubb som ikkje har fått det helt til i det siste og eg er her for å hjelpa til. Det kjennes veldig kjekt ut og eg er motivert av utfordringa, sier Henrik til nettsida.

På benken i Sogndal har Furebotn sett dei sentrale på midtbana Eirik Birkelund, Chidi Nwakali og Johan Hove prestere betre for kvar kamp. Med få haustkampar på programmet kunne det framover ha blitt enno lenger mellom innhoppa enn tilfellet var før sommaren. Bakke håpar Furebotn vil komme sterkare tilbake frå opphaldet i plankebyen.

– Henrik har kanskje ikkje fått dei sjansane han har fortent. Men slik er det med den konkurransesituasjonen som er i laget, seier Bakke.

Til toppen