Henrik Furebotn kan vere på veg til Sogndal

Kontrakten med Bodø/Glimt går ut ved nyttår, utan at Henrik Furebotn (30) har fått tilbod om forlenging med klubben. Årdølen seier han gjerne spelar under Eirik Bakke i Sogndal.

Porten.no har grunn til å tru at Furebotn er ein av spelarane Eirik Bakke vil hente når overgangsvindauget opnar 21. juli.

Spelaren sjølv vil ikkje stadfeste noko enno.

- Me håpar at me skal bestemme oss ganske snart. Me har ein unge på veg i august, så det hadde vore greit å ha ting på plass før den tid, seier Furebotn.

Årdølen spelte for Sogndal frå 2006 til 2012. Sidan gjekk vegen til Sandnes/Ulf og seinare Bodø/Glimt.  

- No har eg ikkje fått noko kontraktstilbod frå dei. Så eg har ikkje vurderte det, det må nesten koma eit forslag først.
- Det er veldig imponerande. Eg er framleis Sogndal-suppportar og ser alle kampane eg kan. Det har vore veldig bra.
- Eg har no prata med Eirik før og sagt at eg gjerne vil spele under han. Spesielt når dei spelar så fin fotball som dei gjer no. Så det kan godt skje ein gong, seier Furebotn. 
Er det andre klubbar som har vist interesse?
- Nei, det er det ikkje.

 

 

Til toppen