LEGG OPP: Henrik Furebotn, 32, frå Årdal, annonserte at han legg fotballkarrieren på hylla onsdag, etter 17 år som aktiv spelar.
LEGG OPP: Henrik Furebotn, 32, frå Årdal, annonserte at han legg fotballkarrieren på hylla onsdag, etter 17 år som aktiv spelar. (Foto: Arkiv)

Henrik Furebotn legg fotballkarierra på hylla etter 17 år

Annonserte nyheita på Facebook.

Sogndal: Henrik Furebotn annonserte at han legg opp som fotballspelar, onsdag ettermiddag. 

På sin eigen Facebook-konto delte han nyheita: 

– Då var det nok. Etter 17 begivenhetsrike år er det slutt på fotballen på «topp» nivå. Tusen takk til alle som har støtta meg og alle lagkameratane eg har hatt. Eg har mange flotte opplevingar og nokre nedturar, men det høyrer vel med. Tusen takk for meg, skreiv han. 

Den 32 år gamle årdølen legg ei lang fotballhistorie bak seg. Furebotn starta som unggut for Årdal /Jotun IL, og vart henta til Sogndal i 2006. 

Han har òg ved fleire høve spelt for landslaget, sist for U21. I 2013 gjekk han til Sandnes Ulf, kor han fekk ei toårskontrakt. I 2015 gjekk han over til Bodø/Glimt, før han i 2017 returnerte til saftbygda og blei utnemnd til kaptein.

Porten.no oppdaterer saka. 

Til toppen