HUMØRFYLT GJENG: Musikklærarane Vemund Osland (f.v.), Ketil Thorbjørnsen, Elizabeth Stewart, Øystein Steinsland og kulturskulerektor Magne Grøttebø har vore i Glasgow og teke med seg fagleg påfyll, utvida musikkhorisont og godt humør heim til Lærdal. Foto: Ole Ramshus Sælthun
HUMØRFYLT GJENG: Musikklærarane Vemund Osland (f.v.), Ketil Thorbjørnsen, Elizabeth Stewart, Øystein Steinsland og kulturskulerektor Magne Grøttebø har vore i Glasgow og teke med seg fagleg påfyll, utvida musikkhorisont og godt humør heim til Lærdal. Foto: Ole Ramshus Sælthun

Henta inspirasjon på festival med 2 100 artistar

Lærarane på kulturskulen i Lærdal har for tredje året på rad vitja festivalen  «Celtic Connections» i Skottland for å sanka fagleg påfyll og kollegialt samhald.

Lærdal: – Dette har mykje å seia for miljøet på kulturskulen; det gir oss fagleg påfyll og styrkjer samhaldet. Nivået på festivalen er svært høgt, noko som i neste omgang kjem elevane til gode. Me deltek på workshops der borte; her lærer me av andre lærarar, noko me tek med oss inn i undervsininga heime, seier musikklærar Ketil Thorbjørnsen. 

Celtic Connections er verdant største musikkfestival i sitt slag som blir halde vinterstid. 2 100 artistar vitjar festivalen, 300 arrangement går av stabelen i løpet av dei dryge to vekene festivalen finn stad, og det heile går føre seg på tjue scener.

– Dei er veldig kresne på kven som får spela på festivalen. Svært mange har lyst. Hovudsakleg er det snakk om folkemusikk med ulike innslag av andre sjangrar. Av artistar frå fylket har Karl Seglem og Sigrid Moldestad spelt der, fortel musikkskulerektor Magne Grøttebø. 

Frå ukulele til sekkepipe

– Me prøver å variera så me ikkje er med på dei same tinga Så det er stort spenn; nokre har vore på ukulele workshop og eg og Magne har kjøpt oss sekkepiper. Ikkje for å skryta, men eg må seia at eg har vorte mykje flinkare enn Magne. Det kan nok henda Magne søkjer som musikkskuleelev hjå meg innan sekkepipe, eg veit han har lurt på det, seier Thorbjørnsen spøkefullt.

– Eg hadde vel noko betre blåsebelg enn deg, parerer Grøttebø.

Dei er i tydeleg godt humør etter turen, dei fem som var i reisefølgjet. I tillegg til Grøttebø og Thorbjørnsen var musikklærarane Elizabeth Stewart, Vemund Osland og Øystein Steinsland med til Skottland.

I tillegg til å bli enno meir samansveisa som lærargruppe, utvidar dei sin musikalske horisont ved å ta slike turar, forklarar Stewart:

– Me prøver å fordela oss ulike workshops. Ei helg er vokal i fokus, ei anna instrument. Denne gongen vart hovudfokus på vokal. Og det er eit utfordrande spenn frå skotsk folkesang til negro spiritualis.

Tek med seg metodikk, formidling og godt humør heim

Grøttebø fortel at dei også vitja avdelinga for «Craetive Arts» (Kreativ kunst) på prestisjetunge Woodfarm High School då dei var i Glasgow.

Artikkelen held fram under biletet

PÅ SKULEBESØK: Kvintetten utanfor Woodfarm High School i Glasgow. Privat foto
PÅ SKULEBESØK: Kvintetten utanfor Woodfarm High School i Glasgow. Privat foto

– Me vitja ei gruppe elevar som dreiv med sjølvundervisning; dei spelte etter playback og lærarane stakk berre innom i ny og ne. Det var utruleg imponerande; det skal mykje disiplin til for at dette skal fungera.  

– Det var veldig artig å vitja skulen – dette er gamleskulen min som eg underviste ved for tretti år sidan. Mykje var som då – og mykje var nytt. Me kjende oss veldig velkomne, seier Stewart.

Artikkelen held fram under biletet

RIKT UTVAL: Nærare himmelen kjem truleg ikkje Ketil Thorbjørnsen. Privat foto
RIKT UTVAL: Nærare himmelen kjem truleg ikkje Ketil Thorbjørnsen. Privat foto

Ho vaks opp i Glasgow, som var av dei første til å få nemninga UNESCO musikkby. Stewart er difor reiseleiar når musikklærarane reiser på det som har vorte ein årviss studietur.

– Mykje av det me tek med oss heim handlar om metodikk, slår Thorbjørnsen fast

– Og formidling, supplerer Osland.

Høgt og stabilt tal kulturskuleelevar

Det er til saman mellom 120 og 130 elevar frå tre til atten år ved kulturskulen i Lærdal – eit tal som i følgje Grøttebø har halde seg stabilt dei ti siste åra. I praksis er det knapt plass til fleire.

Såleis er det ein høgst levande kulturskule i Lærdal, med musikklærarar som trakterer – eller i alle fall har fått innblikk i – eit vidt spenn av instrument og vokalteknikkar.  

– Eg vil gje litt honnør til politikarane, for kulturskulen er faktisk freda trass tronge økonomiske tider, seier Grøttebø, og strekar under at dei betalar reisekostnadane frå eiga lomme.

– Me er vel den avdelinga i Lærdal kommune som har minst sjukefråvêr. Når det er sjukefråvêr er det naturlege ting, som fødslar.

Dei fem kom heim midt i førre veke, og då venta viktige oppgåver her heime

– Alle gjekk rett på for å arrangera Ungdommens kulturmønstring, då er det ikkje snakk om å føra overtida. Det er slik kulturverda skal verda.

Til toppen