Henta til gards den trolske fjellmagien

Med hjelp av urkrafta frå fjellheimen, gjennom bukkehorn, bjøller, publikum og lokalforankra dikt, opna den anerkjente artisten og årdølen Karl Seglem årets Målrock. 

Årdal: Med fjellheimen som bakteppe, heil hjort på grillen og med servering av lokalbrygga øl, hadde publikum for lengst sikra seg ein plass på benkar og campingstolar, som dei hadde teke med seg heimanifrå, framfor den raude låven og scena på Svalheim gard, før Seglem gjorde entré. 

Artikkelen held fram under biletet

ALTERNATIVT: Karl Seglem tok i bruk mellom anna dette treinstrumentet, for å ta publikum med på ei reise gjennom naturen.
ALTERNATIVT: Karl Seglem tok i bruk mellom anna dette treinstrumentet, for å ta publikum med på ei reise gjennom naturen.

Røykmaskinas skodde, lyssettinga på scena, eit krypande mørke og instrumental norrøn klang har alt sett stemninga for det publikum er i ferd med å oppleva. Seglem kallar det nynorsk instrumentalmusikk, der naturen møter musikken. Me har ikkje opplevd liknande. 

Heilstøpt 

Kledd i ullgenser frå sambygdingen Tove Grane, olabukse og spisse lakksko får Seglem publikum med på å laga lyd av elvesus, drypp av vatn på stein og lette klauver som tek seg gjennom bratt og mektig landskap.

– I elv og lys, røyk og skodde..., seier Seglem medan han les frå eit dikt. 

Med djup dramatisk stemme kallar han på Jotunheimen, på naturen som ligg der urørt og vitnar om tida som var, men som også har danna livgrunnlaget for det me kjenner i dag. 

Artikkelen held fram under biletet

INKLUDERTE PUBLIKUM: Med klapp og stemmeband får Seglem med seg publikum inn i musikken.
INKLUDERTE PUBLIKUM: Med klapp og stemmeband får Seglem med seg publikum inn i musikken.

Det kling frå bukkehorna, trepinnar og bjøller. Lyden frå tangentane ligg i bakgrunn, og vibrasjonane frå trommespelet går rett i margen og får håra til å reisa seg. Det er berre å lene seg attende å blir med på reisa. 

Etterkvart går tempoet i musikken raskare, Seglem gliser meir og meir frå scenekanten, og det er ingen tvil om at me på kanten av kjempanes heim. 

– Det er fantastisk å få vera den første som speler nettopp her, seier Seglem etter over ein time framfor publikumet på kring 175 personar.  

Artikkelen held fram under biletet

BUKKEHORN I SENTRUM: På tangentar Lars Jakob Rudjord frå Farsund, Karl Seglem og Kåre Opheim frå Voss på trommer. Seglem krydra musikken ved å lesa mellom anna frå dei sjølvlaga diktbøkene "Kvit frekvens, stille spor" og "Stilla er ein åker".
BUKKEHORN I SENTRUM: På tangentar Lars Jakob Rudjord frå Farsund, Karl Seglem og Kåre Opheim frå Voss på trommer. Seglem krydra musikken ved å lesa mellom anna frå dei sjølvlaga diktbøkene "Kvit frekvens, stille spor" og "Stilla er ein åker".

– Tenk at me har ein slik musikar frå bygda

Etter konserten tok Porten.no ein liten stemningsjekk ute på området. Det såg ikkje ut som alle har tenkt seg heimatt. 

– Dette var veldig bra og annleis. Ei skikkeleg spennande opning av Målrock. Musikken var rett og slett sær, kul og tøff, seier Line Moen. 

Odd Sigmund Høl tykkjer det var stemningsfullt å ha konserten her på Svalheim gard. 

SPELT I LAG: Odd Sigmund Høl fortel ha seinast opplevde Karl Seglem spele blues på bukkehorn under Fjøsblues på Avdal gard.
SPELT I LAG: Odd Sigmund Høl fortel ha seinast opplevde Karl Seglem spele blues på bukkehorn under Fjøsblues på Avdal gard.

– Eg fekk kjensla av djupe dalar, buldrande fossar og ras. Alt var pakka inn i musikken, seier Høl, som har spelt med Seglem då han var med på saksofon i Årdal Blueslag. 

Rigmor Fjeldstad seier ho vart varm og stolt over Seglem, over å vera herifrå og at han brukar heimplassen og Jotunheimen på denne måten. 

– Eg fekk gåsehud, han er så flink. Dette håpar eg blir ein tradisjon. Dette var berre opninga, og framleis står det så mykje bra på programmet til Målrock, seier Fjeldstad. 

Ein gjeng har funne roa etter konserten bak på området. 

– Kva tykkjer de?

Mona Nytun er stolt av heile arrangementet. 

– Det var så melodiøst og fint. Tenk at me har ein så flott musikar her i bygda, seier ho. 

Oddny Karin Børtnes tykkjer det er ei fin ramme rundt Målrock å vera på Svalheim gard. I tillegg synest ho det var kjekt at Seglem inkluderte publikum under konserten. 

– Dette må skje neste år også, seier Geir Einan.  

Artikkelen held fram under biletet

BUDD: Mona Nytun (f.v), Einar Fossøy, Bjørn Inge Morland, Geir Einan og Oddny Karin Børtnes etter konserten med Karl Seglem på Svalheim gard. 
BUDD: Mona Nytun (f.v), Einar Fossøy, Bjørn Inge Morland, Geir Einan og Oddny Karin Børtnes etter konserten med Karl Seglem på Svalheim gard. 

Smakebitar frå komande plate

Seglem fortel til Porten.no før konserten at han var tidleg i vår tok kontakt med Målrock, då det var klart at plata "Lærad", som er ei norrøninspirert plate med bukkehorn i hovudrolla, skal bli slept i oktober i år. 

– Eg gler meg veldig. Me skal spela musikk i landskapet til plata som kjem til hausten og litt anna stoff. Det er ei atmosfærinsk plate med bukkehorn i sentrum. Dette er starten på noko nytt, der eg les dikt og sett ord på ting i kombinasjon med musikken, fortel han.   

Artikkelen held fram under biletet

MELLOM FJELLA: På Svalheim gard på Utladalen camping vart det klart for den første intimkonserten, og opninga av årets Målrock.
MELLOM FJELLA: På Svalheim gard på Utladalen camping vart det klart for den første intimkonserten, og opninga av årets Målrock.

Friluftsdel på første året

Dette er første året Målrock har ein eigen friluftsdel, i samarbeid med Kristoffer Nystedt, ved Utla Opplevelser, og Årdal turlag. 

Festivalsjef Katrine C. Fredheim uttalte tidlegare til Porten.no at det er viktig for festivalen å bruka heile bygda og syna fram plassen, for å få ei større ramme rundt festivalen. 

Les også: Rekordsal av billettar – det nærmar seg Målrock

Før opningskonserten onsdag kveld hadde ein gjeng gått turen frå Hjelle til Vetti, opp til Brendeteigen, Stølsmaradalen, over til Avdalen og attende til Hjelle.

Torsdag var det klart for toppturen til Soleibotntind (2088 moh), medan i kveldingen står Fish, Ketil Thorbjørnsen og Raaskinn på scena i Meieriparken på Årdaltangen.

Til toppen