LAGA SUPPE: Borgund Bygdekvinnelag delte ut ferdig suppe i tillegg til grønsakene.
LAGA SUPPE: Borgund Bygdekvinnelag delte ut ferdig suppe i tillegg til grønsakene. (Bilde: Kjellrun Nesse)

Her aksjonerer borgyndene for norske grønsaker

Laurdag delte medlemmar av Borgund Bygdekvinnelaget ut gratis grønsaker til folket. 

Borgund: – Me kjøpte inn seksti posar som me delte ut, med ferske rotgrønnsaker og ei suppeoppskrift. Klokka to var me heilt tomme for posar, fortel leiar i Borgund Bygdekvinnelag, Kjellrun Nesse.

– Det var altså ganske mange som tok turen innom, legg ho til.

Ho var ei av dei som delte ut suppe og gratis grønsaker til alle som kom innom matbutikken i Borgund laurdag.

– Bygdekvinnelaget hadde på måndag ein aksjon for å visa kor bra dei norske grønsakene er. Me valde å gjera dette laurdagen sidan me samarbeida med matbutikken og «handle lokalt»-aksjonen, og det er fleire som handlar då, seier Nesse. 

I posane kunne du finne blant anna rødbetar, gulrot og persillerot. Nesse fortel at Bygdekvinnelaget vil fremja at rotgrønsakene er gode og kan brukast til mykje. 

– Også inneheld dei lite sprøytemiddel, seier ho.

Til toppen