FOLKEAUKE: Lærdal er kommunen i Sogn med høgast folkevekst i andre kvartal av 2015. Arkivfoto frå Lærdalsmarknaden sommaren 2015. 
FOLKEAUKE: Lærdal er kommunen i Sogn med høgast folkevekst i andre kvartal av 2015. Arkivfoto frå Lærdalsmarknaden sommaren 2015. 

Her aukar folketalet mest i Sogn

Pila peikar oppover for Lærdal. Ifølgje SSB, auka folketalet i Lærdal mest i heile Sogn, og kommunen kjem ut som nummer fire i fylket i andre kvartal i år. 

20. august la Statistisk sentralbyrå (SSB) fram statistikken for andre kvartal av 2015, som gjekk fram til 1. juli. 

Den syner at folketalet auka med 19 personar i Lærdal, der årsaka er tilflytting. Og sjølv om 18 menneske flytta frå kommunen og med to personar i fødselsunderskot, fekk Lærdal 39 nye innbyggarar. Folketalet i Lærdal var 1. juli oppe i 2166 innbyggarar.

Dermed har sørsida i Sogn med kommunane Lærdal, Årdal og Aurland, over dobbel så høg vekst i folketal som Sogndal, Luster og Leikanger i andre kvartal av 2015 (sjå faktaboks).

– Går rette vegen

Ordførar Jan Geir Solheim (Sp) er særs nøgd med utviklinga. 

GODE TAL: Ordførar i Lærdal, Jan Geir Solheim (Sp) har tru på at folkeauken forsett. Arkiv
GODE TAL: Ordførar i Lærdal, Jan Geir Solheim (Sp) har tru på at folkeauken forsett. Arkiv

– Me har ei postiv utvikling no, der det er lett å rekruttere folk til kommunen. Mellom anna har postitiv medieomtale også vore med å påvirke turistveksten no i sommar, seier han. 

Sist SSB-måling, 1. januar 2015, synte ein nedgang på 28 innbyggarar i Lærdal frå same tid året før. 1. januar 2014 var talet innbyggarar på 2174, medan i 1. januar 2015 gjekk talet ned til 2146.

– No går det rette vegen og me har tru på at folkeauken vil forsetta, seier Solheim. 

Jobbar bevisst med å hjelpe

Ordføraren forklarar også at kommunen no jobbar aktivt og bevisst med å registrere dei som kjem til bygda. 

– Det er ikkje alltid så lett for dei som kjem hit, å melda flytting og få papira i orden. Dei treng hjelp, noko me no har hatt eit bevisst fokus på, seier Solheim. 

Men folkeauken skapar også utfordringar med tanke på arbeidsplassar, forklarar ordføraren. Det på trass av at Lærdal kommune hoppa opp over hundre plassar opp på NHOs kommunebarometer for få veker sidan. Bakgrunnen var at sysselsettinga i Lærdal auka med 72 arbeidsplassar frå 2013 til 2014, noko som mellom anna gjer at det private næringslivet i Lærdal har nest sterkast vekstkraft i landet. 

Les også: Sysselsetjinga i Lærdal har auka kraftig

Til toppen