FÆRRE: I løpet av dei komande fire åra blir 4,4 stillingar vekke ved Borgund Kraftverk. Foto: Ole Ramshus Sælthun
FÆRRE: I løpet av dei komande fire åra blir 4,4 stillingar vekke ved Borgund Kraftverk. Foto: Ole Ramshus Sælthun

Her blir 4,4 årsverk kutta

Østfold Energi AS skal spara 28 millionar årleg gjennom effektiviseringsprogram. 13 stillingar blir kutta i verksemda, 4,4 av desse i Lærdal

Lærdal: - Bemanningstilpasninga vil bli gjennomført over ein fireårsperiode og dette blir hovudsakleg løyst ved naturleg avgang. Inntil tretten tilsette - frå alle deler av verksemda - vil bli råka. På Borgund utgjer bemanningstilpasninga 4,4 årsverk som me løyser ved naturleg avgang, seier administrerande direktør Oddmund Kroken i Østfold Energi.

Låge kraftprisar har allereie påverka resultata til energiselskapet. Rekneskapen for 2015 viste eit underskot på 241 millionar kroner, då tok ikkje eigarane - Østfold fylkeskommune og 13 kommunar i Østfold - utbyte.

Stillingar både på drift og i administrasjon

MÅ KUTTA: Administrerande direktør i Østfold Energi, Oddmund Kroken. Pressefoto
MÅ KUTTA: Administrerande direktør i Østfold Energi, Oddmund Kroken. Pressefoto

Den økonomiske stoda og utsikter om framleis låge kraftprisar i åra som kjem gjer at selskapet har sett i gang eit effektiviseringsprogram.

- Endringane skal sikra eit økonomisk berekraftig fundament, at selskapet kan møta eigarane sine forventningar til utbyte og sikra eit vekstkraftig og konkurransedyktig selskap for framtida, seier Kroken

Alle dei tilsette ved Østfold Energi i Lærdal blir informerte om stoda under eit allmøte fredag, og dei som sit i stillingane som vil bli kutta i løpet av dei komande fire åra, er informerte frå før, strekar Kroken under.

Vidare at dei 4,4 årsverka vil vera stillingar både i administrasjon og drift. 

Utsikter om låge kraftprisar i åra som kjem

- Kraftprisane har auka ein heil del dei siste månadane og det er snakk om aukande kraftprisar på sikt på grunn av eksport av straum gjennom kablane som skal byggjast sørover i kontinentet - men det er framleis behov for meir kostnadseffektiv drift?

- Kraftbransjen står overfor betydelege utfordringar, og det rammar også oss hardt.. Det er også stor usikkerheot om framtidig pris- og marknadsutvikling. Alle prognosar peikar i retning av låge kraftprisar fram mot 2020, og mest truleg i fleire år etter 2020.

Mellom anna uttalte kraft- og fornybarsjef Lars Ove Skorpen i Pareto Securities til E24 at ein vil drukna i kraft i Noreg framover.

- Det er også ein bransje i kraftig endring med stor teknologisk utvikling, digitalisering og endra kundeåtferd. Me må tilpassa selskapet i dette biletet. Slik sett følgjer me same oppskrift som alle andre norske kraftprodusentar, avsluttar Kroken. 

Kraftverket på Borgund har før nedbemanninninga 22 årsverk. I 2020 skal ein altså ha kome ned på 17,6 årsverk.

Til toppen