HEIDER: Bjørg Hovland ana ingenting då ho plutseleg vart sentrum for merksemda i Dale kyrkje onsdag kveld. Her fester ordførar Ivar Kvalen medaljen på bunaden.
HEIDER: Bjørg Hovland ana ingenting då ho plutseleg vart sentrum for merksemda i Dale kyrkje onsdag kveld. Her fester ordførar Ivar Kvalen medaljen på bunaden. (Foto: Linda Watten)

Her blir bunadsdronninga overraska med Kongens fortenestemedalje

Hovudpersonen sjølv ana ingenting om kva som skulle skje.

Luster: – Eg er heilt tom for ord, dette sveiv meg ikkje i det heile, seier Bjørg Hovland (76). 

Like før hadde ordførar Ivar Kvalen festa Kongens fortenestemedalje på skjortebrystet hennar. Den ærefulle påskjønninga fekk for innsatsen ho har gjort for å ta vare på historia om folkedrakter og bunader frå Sogn.

– Dette er særs fortent. Ho var ein opplagt kandidat, seier Kvalen.

Teken på senga

Det gjekk mot slutten av hennar eige arrangement, Livstrappa, i Dale kyrkje. Presten skulle berre fram å seia eit par avskjedsord, då han kalla fram ordføraren i staden.

Hovland visste at ordføraren var på plass, for ho lova at han skulle få tatt mål av seg til ein ny bunad. Men at ordføraren skulle kuppa avslutninga var ikkje planen, og då ho såg kjedet hang rundt halsen på han vart ho enno meir perpleks.

RØRT: Bjørg Hovland var takksam og rørt etter at ho fekk Kongens fortenestemedalje. Foto: Linda Watten

– Eg lurte på kva i all verden skal han med den konvolutten, kvifor kjem han her slik? Eg tenkte kanskje at eg skulle få ei ekstratakk og ei gåve. Men eg tenkte ikkje på noko medalje, det tenkte eg ikkje før han sa det, seier Hovland overvelda.

Grundig innsats

Under talen fortalte ordføraren om den store innsatsen Hovland har lagt ned for folkedraktene i over 40 år. Ein innsats som vart krona med utgjevinga av boka Folkedrakter og bunader frå Sogn i 2014.

– Gjennom denne boka får ein kunnskap om bunader og klede, stofftypar og mønster, lokale skikkar, og historisk utvikling, alt nøyaktig dokumentert med teikningar, mønster, fotografi, kjelder, stadnamn og årstal, sa Kvalen.

Hovland har ikkje avgrensa seg teori, men har òg rekonstruert og sydd bunader og klede som vart bygd i sognebygdene fleire hundre år attende i tid.

– Gjennom sitt store arbeid har Bjørg hindra at viktig nasjonalhistorie har gått tapt, sa Kvalen, som òg framheva hennar store dugnadsinnsats opp gjennom åra.

Til toppen