Bak frå høgre: Ole Gunnar Krakhellen (kommunalsjef oppvekst), Rebecca Ludvigsen (Trudvang skule), Helle Bråten Øyre (Kvåle skule), Britt Johanne Thomassen (pleie og omsorg), Hildegunn H. Bøthun (pleie og omsorg) Solfrid Borlaug Dyrdal (helse og sosial), Mette Skjeldestad (pleie og omsorg), Jarle Aarvoll (ordførar) og Jon Tvilde (kommunalsjef helse, omsorg og velferd). Framme frå høgre: Jorunn Irene Nyland (Kaupanger skule), Anne Kari Haugen Ness (Trudvang skule), May Britt Sva (helse og sosial), Gro Bjordal (Kjørnes barnehage) og Marianne Risnes (pleie og omsorg).  

Her blir dei heidra for å ha tent Sogndal kommune trufast i 25 år

– Den viktigaste ressursen me har, seier ordføraren.

Sogndal: Kvart år på den avsluttande julemiddagen gjer Sogndal kommune stas på tilsette som har lagt 25 år samanhengande teneste bak seg.

I år var det femten personar som fekk gåvekort dei kunne bruka på anten ei gullklokke eller ein lystestake i sølv med kommunelogoen inngravert.

Elleve av dei hadde høve til å stilla på sjølve middagen, blant dei var Solfrid Borlaug Dyrdal, som måtte tola å få mykje skryt frå kollegaane og leiarane sine.

– Det var fine ord, men eg er ikkje så god med på dette med ros. Eg har ein flott arbeidsplass, med masse gode kollegaer og håpar eg har mange år att. Sjølv om eg er seksti år, så har eg ein forskjell å gjera enno, seier ho.

Ordføraren er takknemmeleg for innsatsen dei femten har gjort gjennom så mange år.

– Det er fantastisk viktig med desse kontinuitetsberarane, som er miljøskaparar på arbeidsplassen, dei bryr seg, om det så er om elevane sine eller om maten dei skal laga, dei er stolte yrkesutøvarar i kommunen. Me kan snakka så mykje me vil om bygningsmasse og alle investeringane me skal gjera. Det er viktig det, men dei tilsette er den viktigaste ressursen me har, seier han.

Til toppen