MILEPÅLE: Pålearbeidet på rv. 5 Loftesnesbrui blir gjort ferdig denne veka. Då er 28 peler slått ned i sundet, og skal byggjast inn i to fundament til den nye brua. Foto: Statens vegvesen.
MILEPÅLE: Pålearbeidet på rv. 5 Loftesnesbrui blir gjort ferdig denne veka. Då er 28 peler slått ned i sundet, og skal byggjast inn i to fundament til den nye brua. Foto: Statens vegvesen.

Her blir den siste pålen for den nye brua slått ned

Bokstaveleg tala ein milepåle for den nye brua i Sogndal.

Sogndal: Pålen er den siste av 28 som dannar dei to fundamenta ute i fjorden. Dermed er grunnstrukturen som skal bere den nye brua lagt.

På land er fundament til landkar støypt på begge sider, og det pågår no armering og forskaling på sida mot Sogndal, før sjølve landkaret skal støypast i ein stor operasjon. Men arbeidet går ikkje smertefritt, og ein må ta omsyn til gamlebrua.

– Pålearbeidet har vore meir utfordrande enn venta, grunna vanskelege grunnforhold i Loftesnessundet. Me måtte vere forsiktige for ikkje å forstyrre gamlebrua for mykje. Dette gjer at sjølve pålinga har teke meir tid enn forutsett, men me meiner dette er mogleg å hente inn att, seier prosjektleiar Gunnar Solbakken på rv. 5 Loftesnesbrui.

5000 lastebilar med stein

Før påling på sida inn mot Sogndal, vart ein betongbjelke støypt inn i brua. Slik kunne ein kompensere for rørslene i fjordbotn då pålane inn mot gamlebrua vart slått ned, ved hjelp av jekkar og nye lager som vart sett inn mellom bru og fundament.

Artikkelen held fram under biletet.

LANDKAR: Her støyper dei fundament til landkar tidlegare i sommar.
LANDKAR: Her støyper dei fundament til landkar tidlegare i sommar.

Fyllingsarbeidet har gått etter planen. Til saman med 50.000 kubikkmeter med massar er lagt ut på begge sidene av fjorden. Det tilsvarar 5000 lastebilar med stein.

Brua kjem frå Polen

Stålarbeidet på den nye brua foregår i Polen. Der er delar av brua no i ferd med å bli sveist saman til større modular.

– Den nye brua byrjar å ta form i Polen, og ein ser korleis sidespenna og sjølve bruboga vil bli sjåande ut. No skal dei etter kvart byrje med overflatebehandling av modulane, seier Solbakken, som sjølv var i Polen for å sjå på stålarbeidet rett før sommarferien.

Artikkelen held fram under biletet.

PÅLAR: Støyping av pålar på sida mot Loftesnes. Det står att å støype på sida mot Sogndal.
PÅLAR: Støyping av pålar på sida mot Loftesnes. Det står att å støype på sida mot Sogndal.

Til Sogndal i haust

Seint i haust skal brua fraktast sjøvegen til Sogndal. Ho kjem i tre seksjonar, der dei to tyngste veg over 400 tonn kvar. Ved hjelp av ein stor kran på lekter skal seksjonane heisast på plass. 

– Det blir som eit hus som har fått opp reisverket, men mykje arbeid står att før ein kan flytta inn. Bruseksjonane skal først sveisast saman, så skal ein armere, forskale og støype dekke på brua i fleire etappar og asfalt og rekkverk skal på, seier Solbakken.

Artiklelen held fram under biletet.

SLUTTPRODUKT: Slik skal Loftesnesbrua sjå ut når ho står ferdig i 2018.
SLUTTPRODUKT: Slik skal Loftesnesbrua sjå ut når ho står ferdig i 2018.

Etter planen skal trafikken over på ny bru i november 2017, og heile prosjektet, inklusive riving av gamlebrua, skal vere gjennomført til sommaren 2018.

Til toppen