FORKØYRSVEG: Fylkesveg 303 i Utladalen er ein av fire vegar som no vert gjort om til forkøyrsveg. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
FORKØYRSVEG: Fylkesveg 303 i Utladalen er ein av fire vegar som no vert gjort om til forkøyrsveg. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Her blir det forkøyrsveg

Fire vegar i Årdal og Lærdal vert gjort om til forskjørsvegar.

Årdal/Lærdal: Observante trafikantar har kanskje lagt merke til det allereie, men i desse dagar er Statens vegvesen i gang med å gjera fylkesvegar i Årdal og Lærdal om til forkøyrsveg.

Totalt er det seks vegar i Sogn som blir omgjort, og fire av desse finn ein i Årdal og Lærdal. 

Vegane det er snakk om er fylkesveg 243 i Erdal, betre kjend som snøvegen, fylkesveg 271 mellom Lunde og Stønjum i Lærdal, fylkesveg 301 mellom Årdalstangen og Seimsdalen og til slutt fylkesveg 303 i Utladalen mellom Øvre Årdal og Hjelle.

– Dette er vegar me har vurdert og plukka ut. Årsaka til at desse vegane er plukka ut er fordi dei vert oppfatta som hovudveg, seier sakshandsamar i Vegvesenet Kathrine Njåstad Blaaflat til Porten.no.

Betre oversikt

I Utladalen mellom anna er det ikkje alle som har praktisert vikepliktsregelen når ein har kome frå Hjelle. Her er det fleire som suser forbi til dømes brua på Tronteigen sjølv om det kjem bilar frå høgre.

Artikkelen held fram under biletet.

VIKEPLIKT: Fredag før helga vart vegen i Utladalen merka for å vise at trafikantar som i dette tilfellet kjem frå Tronteigen har vikeplikt.
VIKEPLIKT: Fredag før helga vart vegen i Utladalen merka for å vise at trafikantar som i dette tilfellet kjem frå Tronteigen har vikeplikt.

No kan dei altså halde fram med det – utan å bryte vikeplikta.

– Me gjer dette for å få betre oversikt over vikepliktsforhold i desse kryssa. Tidlegare kan det ha vore usikkerheit om ein har vikeplikt, som kan ha ført til farlege situasjonar. 

Truleg ferdig denne veka

Sakshandsamaren fortel at det har vore møte med politi og kommune og at eit vedtak vart fatta for nokre månader tilbake. 

Fredag før helga var entreprenøren i gang med å merke opp vegbana, og fleire stader er det kome opp skilt med svart plastikk over seg. Denne vert fjerna når alle skilta er oppkomne.

Først då tek forkøyrsregelen til å gjelda, og dersom dei ikkje støter på trafikk frå høgre, vil dette skje i løpet av denne veka. 

Til toppen