IKKJE NATTESTENGING: Å nattestenge fylkesvegane 50 og 53 i Aurland og Årdal vil få så store konsekvensar at finansutvalet har valt å lytta til samferdsleutvalet ved ikkje å tilrå stenging. Foto: Truls Grane Sylvarnes (Arkiv). 
IKKJE NATTESTENGING: Å nattestenge fylkesvegane 50 og 53 i Aurland og Årdal vil få så store konsekvensar at finansutvalet har valt å lytta til samferdsleutvalet ved ikkje å tilrå stenging. Foto: Truls Grane Sylvarnes (Arkiv). 

Her blir det neppe nattestenging

Fylkesvegane 50 og 53 vert ikkje trua med nattestenging med det første og er i praksis «freda». 

Årdal: – Det er eit utruleg viktig vedtak, seier leiar i samferdsleutvalet og ordførar i Aurland, Noralv Distad (H), til Porten.no. 

Sogn og Fjordane fylkeskommune skal kutta vel 40 millionar kroner på samferdsle i framtida. Stenging av rasteplassar og toalett, utsetjing av rydding etter hendingar på helg og redusert frekvens på brøyting og strøing var blant konsekvensane.

Det var også nattestenging av fylkesvegane 50 og 53 i Aurland og Årdal på vinterstid, noko som ville gitt ei innsparing på rundt ein halv million i året.

Vil få store konsekvensar

Dei mange tiltaka var rangert på ulike nivå frå 1 til 3, der nivå 1 er lista med dei kuttframlegga som er mest aktuelle å setja ut i livet. Nivå 3 er dei minst aktuelle og dei som ville gitt størst konsekvensar. 

Nattestenging av fylkesvegar låg først inne på nivå 1, forsøkt flytta til nivå 3 av Høgre og deretter Arbeidarpartiet, før eit samrøystes samferdsleutval bestemte i september at tiltaket skulle flyttast til nivå 3. Det har finansutvalet valt å lytta til.

– Og då er det ingenting som tilseier at det skal bli ein annan konklusjon i fylkestinget, seier Distad og forklarar kvifor vedtaket er så viktig.

– Folk må få velje sjølv når dei vil reise. Då er det viktig at vegane er opne og tilgjengelege. Det vil koma hardt vêr, men det er ein vand med, men at ein skal stengja ein veg når det er råd å køyre, er heilt feil. 

Dette gjeld ikkje berre nattestenging, men også at utskifting og reparasjon av stikkrenner og kantstolpar skal skje som før, og at rasteplassar og toalett skal vere opne. 

– Godt å få avkrefta

Hilmar Høl (Ap) frå Årdal, som forsøkte å få tiltaket flytt i sommar, er glad for vedtaket. 

– Me hadde ambisjonar om at det måtte koma. Det er slik at ein kastar mange ballar opp i ein hatt og skal plukke ein og ein, men dette ville fått så store konsekvensar knytt til planlagte aktivitetar som hyttebygging og fiber, samt at det er eit attraktivt turområde, så det er godt å få det avkrefta, seier han og legg til at det ikkje er her ein finn dei store tala når ein skal kutte.

Må finne pengar andre stader

Bra for Årdal og Aurland, men framleis sit fylkeskommunen med ein økonomi som skal gå opp. Difor er samferdsleutvalet utfordra til å finne tiltak som kan gi innsparingar på mellom 14 og 19 millionar i 2019 og 2020.

– Det vart konkludert med at det alternativet som samferdsleutvalet ønskte, der dei legg vekk andre kuttforslag, vil gå utover andre tenester som skular. Det er ein viktig instans for heile Sogn og Fjordane, seier Høl. 

Her legg finansutvalet til grunn at 24,4 millionar, samt varige innsparingar på 11 millionar vert det nye samla innsparingskravet til sektoren. I tillegg skal samferdsle gjennomføre innsparingstiltak på tilsvarande beløp som tiltaka dei har flytt frå nivå 1 til nivå 2. Dette betyr at samferdsle må gjennomføre tiltak på ytterlegare 14,3 millionar kroner. 

Til toppen