I SENTRUM: Mellom Postaabneriet Pub og Cafe og idrettsplassen er det tenkt at flyktningmottaket for einslege mindreårige skal koma. Illustrasjon
I SENTRUM: Mellom Postaabneriet Pub og Cafe og idrettsplassen er det tenkt at flyktningmottaket for einslege mindreårige skal koma. Illustrasjon

Her blir det planlagt asylmottak

Går alt etter planen blir asylmottaket for 58 einslege mindreårige etablert i sentrum av Borgund i Lærdal. 

Lærdal: Ordførar Jan Geir Solheim tok eit privat initiativ for å kjøpa opp eit brakkerigg, som var på veg til å bli seld ut av kommunen, då han såg dette som einaste moglegheit til å oppretta eit asylmottak for mindreårige einslege i bygda.

I lag med Trond Øyen Einemo, Stein Vidar Nemeth, Jan Ryde og Knut Opdal, eig no dei no 20 prosent kvar i brakkeriggen. Likevel har dei på ingen måte tenkt å driva mottaket sjølve. 

Tett på alt

Planen er å legge mottaket på baksida av Postaabneriet Pub og Cafe, på parkeringsplassen mot idrettsplassen i sentrum av Borgund (Sjå teikninga lenger ned i saka). Der har i tillegg kommunen eit næringsområdet som ingen har ønskt å kjøpe til no.

– Det er også flott for kommunen å få selt denne tomta. Dette er ein lur plass å legga mottaket, då det er nært skule, butikk, samfunnshus og idrettsanlegg, fortel Solheim. 

Etter 6-års perioden med mottak ser Solheim for seg at dei kan bruka bygget til motell eller enkelt overnatting, noko som manglar på Borgund i dag. 

Er ikkje redd for bukvaliteten

HAR JOBBA RASKT: Varaordførar Trond Øyen Einemo (H) var fredag med på synfaringa med UDI. Gir UDI klarsignal kan det gå kort tid før flyktningane kjem. Arkiv
HAR JOBBA RASKT: Varaordførar Trond Øyen Einemo (H) var fredag med på synfaringa med UDI. Gir UDI klarsignal kan det gå kort tid før flyktningane kjem. Arkiv

– Kva me bukvaliteten?

Einemo meiner brakkerigg har eit ufortent dårleg rykte, og er ikkje redd for at bukvaliteten for asylsøkjarane skal vera dårleg. 

– Det har skjedd mykje med standarden i slike brakkerigg dei seinare åra. Denne brakkeriggen er moderne, går over to etasjar og har 45 rom pluss fellesareale, som kjøken og opphandsrom, fortel han. 

Kan gå raskt

Utlendingsdirektoratet (UDI) var postitive til planane etter synfaringa av riggen og fasilitetane som ligg rundt fredag, fortel Einemo.  I neste veke gjer dei ei avgjerd om det blir eit asylmottak eller ikkje på Borgund. 

– Sjølv om ikkje UDI kunne gi ein lovnad no, er det likevel store moglegheiter for at det blir asylmottak, elles hadde me nok ikkje jobba så raskt som me har, fortel Einemo. 

Solheim seier at med klarsignal frå UDI kan det gå kort tid før asylsøkjarane er på plass.

– Me vil at mottaket skal vera oppe og går rett over nyttår, seier Solheim. 

SKISSE: På baksida av Postaabneriet Pub og Cafe, ser du asylmottaket som kan huse 58 flyktningar på det meste. Illustrasjon
SKISSE: På baksida av Postaabneriet Pub og Cafe, ser du asylmottaket som kan huse 58 flyktningar på det meste. Illustrasjon

 

Til toppen