BLIR STENGT: Her utanfor Seimsdalstunnelen skal vegvesenet i neste veke montere eit nytt rasfanggjerde og sikre fjellet med boltar. Det vil føre til stengingar. Foto: Statens vegvesen.
BLIR STENGT: Her utanfor Seimsdalstunnelen skal vegvesenet i neste veke montere eit nytt rasfanggjerde og sikre fjellet med boltar. Det vil føre til stengingar. Foto: Statens vegvesen.

Her blir det stengingar neste veke

Bilistar må vere budde på å vente i opptil ein halvtime i samband med rassikring utanfor Seimsdalstunnelen.

Årdal: Dei komande vekene skal Statens vegvesen montere eit rasfanggjere på vestsida av Seimsdalstunnelen, som erstatning for det eksisterande. I tillegg skal fjellet sikrast med boltar.

I samband med arbeidet vil vegen bli stengd i ein halvtime om gongen frå komande måndag klokka 11.00, skriv vegvesenet i ei pressemelding.

Vegen blir opna for passering kvar heile og halve time. I tillegg er det lagt opp til at rutebussar kan passere og at dei som då står i kø, kan få henge seg på kolonna.

Fyrste del av arbeidet er boring og montering av fundament for rasfanggjerdet. Dette reknar vegvesenet med kjem til å ta tre-fire dagar. Deretter blir det eit opphald i ei veke før montering av nett og resten av boltesikringa blir utført i starten av juli. 

Til toppen