VEDLIKEHALD: Frå onsdag til fredag denne veka skal det utførast vedlikehaldsarbeid på Borgundstunnelen og Borlaugtunnelen på E16 i Lærdal. Foto: Statens vegvesen.
VEDLIKEHALD: Frå onsdag til fredag denne veka skal det utførast vedlikehaldsarbeid på Borgundstunnelen og Borlaugtunnelen på E16 i Lærdal. Foto: Statens vegvesen.

Her blir det venting dei neste dagane

Vedlikehaldsarbeid i Borlaugtunnelen og Borgundstunnelen. 

Frå onsdag og fram til fredag må ein rekne med venting på E16 på grunn av arbeid i to tunnelar. 

Det er Borlaugtunnelen og Borgundstunnelen det skal utførast vedlikehaldsarbeid i, som igjen vil føre til 15 minutt med venting. 

Arbeidet startar onsdag 07.00 og varar heilt fram til fredag ved midnatt. Det blir berre jobba med éin tunnel av gongen, melder Statens vegvesen. 

Til toppen