OPNA INNOVASJONSBYGGET: Frå venstre: Per Otto Dyb (styreleiar i Innovasjon Norge, Agnar Holen (styreleiar i Sogn Næring og dagleg leiar i Holen Installasjon), Nina Broch Mathisen (direktør i Innovasjon Norge i Hordaland), Anita Krohn Traaseth (administrerande direktør i Innovasjon Norge) og Halvor Flatland (direktør i Innovasjon Norge i Sogn og Fjordane.
OPNA INNOVASJONSBYGGET: Frå venstre: Per Otto Dyb (styreleiar i Innovasjon Norge, Agnar Holen (styreleiar i Sogn Næring og dagleg leiar i Holen Installasjon), Nina Broch Mathisen (direktør i Innovasjon Norge i Hordaland), Anita Krohn Traaseth (administrerande direktør i Innovasjon Norge) og Halvor Flatland (direktør i Innovasjon Norge i Sogn og Fjordane. (Bilde: Halvor Farsund Storvik)

Her blir innovasjonsbygget i Sogndal opna

– Det viser nok ein gong, at når me klarer å samarbeida, då blir ein pluss ein tre.

Sogndal: I dag vart det nye innovasjonsbygget på Fosshaugane Campus i Sogndal offisielt opna. Innovasjon Norge, Kunnskapsparken og Sogn Næring skal no samarbeide tett saman med gründarane og dei andre aktørane på Campus.

– Eg har enormt stor tru på det miljøet som blir skapt her no. Det vil vere med å løyse ut innovasjon og moglegheiter som ellers ikkje hadde skjedd, det er eg overbevist om Per Otto Dyb, styreleiar i Innovasjon Norge.

– Det er ofte på slike plassar det skjer

VELKOMSTTALE: Ordførar Jarle Aarvoll ønskte Innovasjon Norge, Sogn Næring og Kunnskapsparken velkomen under opninga av innovasjonsbygget.
VELKOMSTTALE: Ordførar Jarle Aarvoll ønskte Innovasjon Norge, Sogn Næring og Kunnskapsparken velkomen under opninga av innovasjonsbygget.

Tanken er at bygget til 50 millionar kroner skal gjere Sogndal til lokomotivet i eit veksande gründermiljø i Sogn og Fjordane.

Han meiner det ikkje er naturstridig at eit slikt innovasjonssenter blir realisert i ei bygd på 8000 innbyggjarar.

– Det er ofte på slike plassar det skjer, der ein ser at ein må gjere noko saman for å bli sterke. Det vil aldri skjedd i Oslo, Bergen eller Trondheim, seier styreleiaren.

Det var ein stolt ordførar som kunne ønske Innovasjon Norge, Kunnskapsparken og Sogn Næring til dei nye lokala i bygda. Han tykkjer bygget har blitt flott, men understrekar at det er kunnskapen og menneska innafor veggene som betyr noko.

Vil gje gründermiljøet eit nytt løft

– Eg både trur og håpar at dette vil vera med å skapa dei arbeidsplassane me ikkje kjenner i dag, men som vil komma om fem, ti, tjue år, seier han.

NYE LOKALE: Prosjektleiar Jøril Hovland i Kunnskapsparken viser fram dei nye kontorlokala på Fosshaugane.
NYE LOKALE: Prosjektleiar Jøril Hovland i Kunnskapsparken viser fram dei nye kontorlokala på Fosshaugane. Foto: Halvor Farsund Storvik

Òg dagleg leiar i Sogn Næring, Torgeir Skålid, løftar opp betydninga av at dei no får samla verkemiddelapparatet enno tettare.

– Forhåpentlegvis vil vi i enno større grad enn tidlegare bli ei dør inn til offentleg hjelp til næringsutvikling.

Gjennom inkubatorordninga tilbyr Kunnskapsparten i Sogn og Fjordane oppfølging og rådgiving til lovande verksemder i fylket. Prosjektleiar Jøril Hovland trur innovasjonsbygget vil gje gründermiljøet i Sogndal eit nytt løft.

– Eg er kjempestolt og det viser nok ein gong at når me klarer å samarbeida, då blir ein pluss ein tre, seier ho.

Til toppen