Her blir Kristian Fardal Opseth heidra på fotballfesten

– Utruleg kjekt, seier kaupingen, som fekk mingla med fotballfiffen då han vart kåra til årets spelar i 1. divisjon

Oslo: Kristian Fardal Opseth har hatt ein eventyrleg sesong. Den tidlegare sogndalsspelaren har rykka opp til eliteserien med Bodø/Glimt og vart toppskårar i 1. divisjon med rekordmange 28 mål.

I RAMPELYSET: Kristian Fardal Opseth vart kåra til årets spelar i 1. divisjon på fotballfesten på Ullevaal Stadion måndag kveld. Tore Reginiussen vart årets spelar i eliteserien.  
I RAMPELYSET: Kristian Fardal Opseth vart kåra til årets spelar i 1. divisjon på fotballfesten på Ullevaal Stadion måndag kveld. Tore Reginiussen vart årets spelar i eliteserien.   Foto: Torstein Bøe/NTB scanpix

Måndag vart han heidra på den store fotballfesten, der heile fotballfiffen i landet var samla. Fardal Opseth vart kåra til årets spelar i 1. divisjon.

– Det var ei fantastisk kjensle og utruleg kjekt, skriv han i ei tekstmelding.

Då me ringte sat nemleg målsniken på flyet og venta på avgangen til Thailand. Etter eit langt fotballår har han gjort seg fortent til ein ferie.

Som alltid trekker han fram kor viktig lagkameratane har vore for at han har kunne prestera.

– Eg er utruleg takknemmelig overfor resten av laget, skriv han. 

Då Daniel Nannskog rykka opp med Stabæk i 2005 tok det tre sesongar før han vart kåra til årets angripar i eliteserien. Tida vil visa om Fardal Opseth òg kan toppa den bragda.

Til toppen